Her finn du alle dei lokale koronasakene

Her finn du ei oversikt over dei siste publiserte koronasakene i VTB.

Måndag 30. mars

18,56: Vinje kommune vedtok i dag ny forskrift om innreiseforbod og utvida karantene. Den nye forskrifta er tilpassa den nasjonale rettleiaren.

09.08: Semje om lokale karantenereglar – til slutt. (Nynorsk pressekontor)

Artikkelen held fram under annonsen.

09.00: Lærar i koronatider: Øystein Eriksen. Kontaktlærar for 10. klasse ved Rauland skule.

Sundag 29. mars

20.21: Vinje-ordføraren: – Vil nok halde fram med innreiseforbod til over påske.

16.22: Formannskapet i Vinje skal på fyrstkomande møte drøfte ulike tiltak som kan hjelpe næringslivet i kommunen.

09.00: Lærar i koronatider: Merethe Jørgensdottir Reinskås. Kontaktlærar for 9. klasse ved Gimle skule i Fyresdal.

06.00 :– Ver rause med kvarandre, seier Gunnar Ofte til par som har fått ein ny kvardag dei siste vekene. Ofte er dagleg leiar ved familievernkontoret Øvre Telemark, og blir ikkje overraska om fleire par treng hjelp når koronakrisa er over.

Laurdag 28. mars

13.47: På Joker i Vrådal tek dei opp bestillingar frå den lokale sanitetsforeininga, som køyrer ut varer til menneske som anten er i risikogruppa eller er i karantene.

09.00: Lærar i koronatider: Birgit Johanne Kovajord Olsnes - faglærar ved Vest-Telemark vidaregåande på Dalen.

Fredag 27. mars

21.01: Vinje opphevar innreiseforbodet inntil vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

19.05: Langrennstrenar Audun Svartdal og fotballspelaren Torbjørn Sigstad er blant dei som bidreg med motivasjon- og treningsvideoar for Seljord IL på Facebook.

19.02: Telemark Næringshage har i ei pressemelding vurdert situasjonen for næringslivet i Vest-Telemark. Det ser ikkje lyst ut.

17.08:Senterpartiordførarane i Vest-Telemark har sendt brev til samferdselsministeren der dei ber om at vegprosjekt i regionen vert sett i gang for å stagge arbeidsløysa.

17.00: I Fyresdal vil kommunen omdisponere midlar slik at det kjem på plass krisepakke for å hjelpe lokalt næringsliv. Også næringslivet i Nissedal får truleg ei kommunal krisepakke.

13.56: Odd Nordstoga har spelt for eitt av dei største publikumma sine nokosinne: Nær 70.000. Ståande mutters åleine på ei scene utan eit menneske i salen. (Nynorsk pressekontor)

12.05: Nav: Dette må du gjera om du er permittert.

Torsdag 26. mars

19.00: – Genialt å kunne nytte fritidsbustaden sin til dei friske familiemedlemene, sa Nissedal-ordføraren i formannskapsmøtet i dag om unntaket i hytteforbodet som regjeringa har innført.

15.04: Seljord kommune vedtok i dag vidareføring av det lokale karantenepåbodet og innreiseforbodet, i form av ei lokal forskrift. Her kan mellom anna lokale bedrifter få unntak frå innreiseforbodet.

Artikkelen held fram under annonsen.

10.33: Telemark bilruter har kutta kraftig ned i rutetilbodet og 55 sjåførar er permitterte. Vy har også permittert og køyrer vinterferieruter då skuleskyssen har falle bort.

06.00: For to veker sidan var 27 personar i Vinje utan jobb. No er talet 226. Totalt 686 personar i Vest-Telemark var denne veka registrert som arbeidsledige.

Onsdag 25. mars

21.00: Dei tilsette i barnevernssamarbeidet i Vest-Telemark har i all hovudsak heimekontor nå, men drifta går elles som vanleg.

19.00: Familievernkontoret Øvre Telemark har på grunn av koronaviruset halde stengt den siste tida, men torsdag morgon kan publikum igjen ta kontakt via telefon.

18.38: Lesarinnlegg frå kommuneoverlegane: Det er forskjell på by og land, også under en epidemi.

17.31: Lokalbankar set ned renta.

16.55: Tokke kommune opplyser onsdag at dei vidarefører forskrifta om utvida innreiseforbod og karantenepåbod i ei veke til, men kommunen lempar litt på regelverket.

15.00: Vinje-ordføraren: – Tiltaket med hytteforbod gjeld ikkje berre sjukdom knytt til korona, men alle skader og all sjukdom som vil gå ut over vårt helsepersonell.

Artikkelen held fram under annonsen.

13.00: Dette er ikkje ein fullstendig guide til fine turar i Vest-Telemark, men lokale turekspertar gjev oss her eit knippe gode turtips.

06.00: Sjølv om biblioteket i Vinje er stengt, kan folk hente bøker dei har tinga på nett eller telefon.

Tysdag 24. mars

19.00: Koronatidene gjer at både måndagskafeen på Meinstad i Fyresdal og fredagstilbodet innan psykisk helse i Treungen er stengt. Ei løysing då er å ringe til brukarar av tilbodet for å høyre korleis dei har det.

16.04: Styret i Vest-Telemark næringsforum ber om at nasjonale retningsliner blir fylgd, og at næringslivet lokalt ikkje blir pålagt lokale restriksjonar.

15.00: Irmelin Trøite frå Bøgrend går i 3. klasse på Vest-Telemark vgs. på Dalen. Nå er klasserommet bytta ut med heimeundervisning, og sjølv om ho synest det fungerer overraskande bra, saknar ho fellesskapet på skulen.

13.00: Telemarks nye reiselivsdirektør Anne-Hege Svartdal frå Svartdal meiner det er viktig å samle Telemark nå. – Me står sterkare saman, seier ho.

11.00: Treungenfestivalen, Seljordfestivalen og Countryfestivalen kan alle bli avlyst til sommaren om koronapandemien held fram. Arrangørane kryssar fingrane for at det ikkje skal skje.

08.37: Høie: Dei som håper på ein vanleg vår, blir nok skuffa. (Nynorsk pressekontor)

Artikkelen held fram under annonsen.

06.00: Det som skulle bli eit fint halvår som utvekslingsstudent i USA fekk førre veke ein bråstopp for Marte Helene Homleid (26) frå Nissedal.

Måndag 23. mars

20.00: Den utflytta kviteseidingen Kristian Lie arbeider som barneskulelærar og er musikar. Måndag laga han ei vise som tydeleggjer at me skal bry oss om kvarandre.

15.24: Trafikken langs vegane i Vest-Telemark har gått kraftig ned etter styresmaktene innførte restriksjonar som følgje av koronaviruset.

11.44: Kommunane Vinje, Bamble, Tokke, Tinn, Bykle, Porsgrunn, Kviteseid, Seljord, Ullensvang og Kragerø har sendt brev til Helse- og omsorgsdepartementet.

11.23: Vegvesenet har fått dispensasjon av Seljord kommune til å halde fram arbeidet med Rv 36. Dei vonar å kunne opne vegen att som planlagd.

10.00: Brannvesenet i Vest-Telemark: Koronapandemien gjev eit ekstra press på alle, og derfor ber brannsjefen om opphøyr og bruk av all eld utandørs inntil situasjonen har normalisert seg.

08.02: Kommuneoverlegen i Vinje: – Smitten vil kome, men me vil at den skal kome kontrollert.

Sundag 22. mars

19.51: Kommentar: Helgevakt i koronaens tid.

Artikkelen held fram under annonsen.

18.19: Lesarbrev frå Rauland Turist: Vi må ikkje snakke ned våre sambygdingar som prøvar å gjera noko for å overleve med sine verksemder. Vi skal ikkje snakke ned hyttefolk som er frustrerte over ikkje å få reise på hytta. Vi skal ikkje snakke ned styresmaktene som har valt ein strategi med dei beste intensjonar. Gå ikkje til angrep i sosiale medier eller andre stader – det held vi oss for gode til!

10.42: Styresmaktene oppmodar folk med helsefagleg bakgrunn å stille opp som vikarar i koronakrisa, men helsepersonell som er delvis ufør får ikkje unntak i reglane om inntektsgrensene.

Laurdag 21. mars

20.02: Seljord, Vinje, Kviteseid og Tokke har i løpet av veka innført karantenereglar som går lenger enn dei nasjonale. Justisminister Monica Mæland (H) ber kommunane slutte med dette.

12.30: Kommuneoverlegen i Seljord: – Hugs at pasientar med alvorlege lidingar og andre sjukdomar framleis skal ta kontakt med legen sin.

09.00: 15 seriar som gjer nytte når du sit heime.

06.00: Heime med ungar? Her er tipsa for kreative dagar i heimen.

Fredag 20. mars

20.56: Svein Kostveit ved ehabiliteringssenteret AiR oppmodar lokalbankane om ein rask og monaleg rentereduksjon til beste for samfunnshjula og hardt pressa lånekundar.

17.54: Fredag er det framleis ikkje påvist koronasmitte i nokon av kommunane i Vest-Telemark, med unntak av to hytteturistar som sit isolert i ei hytte i Rauland.

15.00: Skogbruksnæringa følgjer retningslinene frå staten, men arbeidet går som normalt. – Så lenge ein får avsetnad på tømmeret, er det full drift, seier skogsjef i AT Skog, Knut Nesland.

13.14: Lagar smitteverndrakter på dugnad: Førebels er fem nissedølar med på dugnaden for å lage smitteverndrakter til omsorgssenteret i Treungen. Mange fleire er klare til å hjelpe.

12.14: Vinje-ordføraren håpar å gje kriseleiinga kvile i helga.

11.10: Nissedal Senterparti vil heller stø næringslivet, enn lag og organisasjonar, med skattepengar: I Nissedal formannskap torsdag vil Ian Parry-Jones (Sp) seie nei til å dele ut 240 000 kroner frå eigedomsskatten til ulike lag, men heller gje summen som støtte til næringslivet i desse koronatider.

11.01: VTB må permittere fem tilsette: Prognosane viser at 3 av 4 annonsekroner kan bli borte. Tor Arve Vartdal, dagleg leiar i Vest-Telemark blad, oppmodar nå kommunane og lokalt næringsliv til hjelp over kneika.

11.00: Torsdag ettermiddag reagerte ein fyresdøl på at ein pølseseljar kom på døra hans i desse koronatider.

9.32: Hytteeigarane meiner at hytteforbodet treffer urettferdig og krev at reglane blir endra før påske. (Nynorsk pressekontor)

9.13: Noregs bank kuttar renta. (Nynorsk pressekontor)

8.29: Slik vil Vinje-ordføraren bruke lovverket til å stenge hyttefelt.

06.00: Tanken om eit nettbrett slik at pasientane på Kviteseid omsorgssenter kan ha kontakt med familie og venner blei ekstra aktuelt etter at koronakrisa trefte landet og besøksforbodet til omsorgssenteret blei vedteke. Torsdag tok demensforeininga affære.

Torsdag 19. mars

21.00: Bankane har stor pågang frå private og bedrifter.

19.00: Fire av dei seks kommunane i Vest-Telemark har i løpet av dei siste dagane innført strengare karantenereglar enn dei nasjonale, men Fyresdal og Nissedal held seg framleis til dei nasjonale føringane. – Dette er ein nasjonal dugnad, ikkje ein Nissedal- eller Vest-Telemarkdugnad, seier ordførar i Nissedal, Halvor Homme (Ap).

17.35: Vinje-ordføraren er lite imponert over hytteforbodet: «Det må vere den sikraste måten å få smitte til Vinje kommune på. Eg har gjeve opp å vente på at regjeringa skal forstå alvoret.»

15.58: Oppmodar folk med helsefagleg bakgrunn om å melde seg som vikar: Kommunane førebur seg på koronakrisa. Tokke kommune ber nå folk med helsefagleg utdanning eller bakgrunn registrere seg så dei kan stille opp som vikar om det blir behov.

13.58: Oppdatering frå Vinje-ordføraren: For å førebyggje smitte set Vinje kommune restriksjonar på kor mange innbyggjarar som kan vera samla.

13.26: Kommentar: Fridomen utandørs.

10.46: Terje Nordstoga ved Funnemark i Seljord seier det er viktigare enn nokon gong å bruke sine lokale butikkar. Bedrifta permitterer ti av dei 32 tilsette.

10.08: Mar-El: Permitterer 14 på Dalen.

06.00: Heile familien Greiner/Nerbø i Flatdal er i karantene.

Onsdag 17. mars

20.11: Butikken i Åmotsdal opnar att.

18.28: Oppdatering frå Nissedal-ordføraren: Framleis ingen reiserestriksjonar i Nissedal – men kommunen oppmodar til minst mogleg reising.

17.00: Vårsyssel mellom slaga. Anne Karin Slåtta har sendt bilde til VTB av kva dagane går til når ho og Bjønn Raftevold Rue ikkje er på jobb som helsepersonell.

15.00: Då ekteparet Solveig Anette og John Oddvar Jermansen i Treungen ikkje kunne gå på den vanlege treninga på sundag, laga dei i staden ein utradisjonell treningsvideo. Den har blitt ein hit på sosiale medium.

14.45: Tokke følger Seljord, Vinje og Kviteseid – utvidar karantenereglane.

13.00: Taxinæringa slit: Har gått frå 10–15 turar til eit par turar om dagen.

11.12: Både Seljord hagesenter Høns’n Roses og Siloen i Nordbygdi merkar at folk held seg i ro heime. – Veit ikkje om me klarer dette.

08.19: Strenge gravferdsrestriksjonar: Prostidiakon Eilev Erikstein tok fredag farvel med far sin. Einar Erikstein sovna inn 96 år gamal. Gravferda blir utsett på grunn av strenge restriksjonar.

Tysdag 17. mars

23.04: Forbod mot innreise til Seljord, Vinje og Kviteseid.

20.00: For at folk som sit i karantene i Seljord kommune skal få tilgang på mat og varer frå apoteket er det inngått eit samarbeid med Seljord Taxi.

19,44: Leiar: Er det ein gong me skal stå samla i Vest-Telemark, så er det nå.

19.00: – Handverkarane er bekymra og vil at me skal halde ope så lenge som mogleg. Og det er klart me skal, seier dagleg leiar Ole Tufte i Byggmakker Seljord elektriske.

18.00: Kommuneoverlege i Seljord, Kine Jordbakke, ber folk som treng sjukemelding om å ikkje ringe legekontoret eller fastlegen.

17.00: Utfordrande tid for barn og unge – kommunepsykologen kjem med råd.

16.52: Kviteseid og Vinje fylgjer Seljord i utvida karantenereglar: Folk som kjem frå kommunar utanfor Vest-Telemark, Midt-Telemark, Hjartdal, Notodden og Tinn må i 14 dagar heimekarantene.

15.00: Nav: – Ingen som har rett på økonomisk stønad skal miste den og alle som har behov for individuell oppfylging skal få det.

11.06: Seljord utvidar karantenereglane til å gjelde heile Noreg – unntaket er Vest-, Aust- og Midt-Telemark. Har invitert dei andre kommunane til å vere med.

09.00: Forskarar trur nedstenginga av Noreg kan bli langvarig. (Nynorsk pressekontor)

08.48: Vinje kommune tek rekninga for naudsynt hyttevedlikehald – og stiller med vakter i hyttefelta.

06.00: Hyllar næringslivet: Næringssjefen må gje bedriftene den tunge beskjeden om at dei må stenge. Responsen frå næringslivet gjer han rørt.

Måndag 16. mars

21.00: Seljordingane som jobbar i bedrifta må vera i karantene når dei er heime i helgene. – Slik det ser ut no, og så lenge oppdragsgjevarane held det gåande, er me i full drift, seier dagleg leiar Roar Johansen i entreprenørbedrifta Alf Johansen AS.

19.00: Frisørsalongen Balanzera har stengt dørene på ubestemt tid på grunn av koronaviruset. Nå er eigarane usikre på framtida.

17.00: Posten i Vest-Telemark førebur seg på redusert bemanning.

16.00: Politiske møte går nå digitalt.

13.13: Seljord kommune ønsker å lage ein ring rundt Øvre-Telemark for å hindre spreiing av koronaviruset.

12.38: Oslo kommune beklager: Stadfestar at det i samråd med helsetenesta blei godkjent at tre personar som var testa for korona fekk reise til hytte i Rauland.

09.41: Det kan sjå ut som hytteeigarane i Rauland har tatt styresmaktenes pålegg på alvor, og reist heim. Men politiet skal framleis patruljere hyttefelta.

Sundag 15. mars

20.01: Tre koronasmitta personar har vore på hytta i Rauland, men dei har halde seg unna folk. Kommuneoverlege Marius Opsahl er sterkt kritisk til manglande varsling av Vinje kommune frå Oslo kommune si side.

15.11: Set inn politipatrulje i enkelte hytteområde i kveld og i morgon.

14.50: Oppdatering frå Tokke-ordføraren: – Personar som kjem til kommunen frå andre fylke og regionar vert oppmoda om å praktisere heimekarantene så langt mogleg. Dette gjeld også arbeidspendlarar.

14.19: Hytteinnbyggjarar i Nissedal bed om å få bli – kommunen seier klart nei

14.01: Kommuneoverlegen i Kviteseid har bestemt at sanitæranlegga/vegtoalett som Statens vegvesen har langs Rv41 og E134 i kommunen blir stengt.

12.12: Seljord kommune innfører karantenepåbod for reisande frå Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Innlandet, Vestland og Trøndelag.

Laurdag 14. mars

19.00: – Det er ikkje tida for å reise til Kviteseid for å besøke familie og gamle foreldre som bur i kommunen, men hald heller kontakt med kvarandre på telefon.

18.21: Statsministeren til dei som er på hytta: Reis heim!

16.21: I Vrådal drikk dei utepilsen med eingongshanskar, men i morgon stenger skisenteret også her – og hyttefolk blir bedne om å halde seg heime.

12.25: Vinje kommune vil ta i bruk video i konsultasjonar.

12.07: Vinje-ordføraren ut mot dei som reiser på hytta: – Det er rein egoisme. Heile Noreg er i lockdown, så tenker desse på eigen komfort. Det er trist å sjå.