Psykisk helseteneste har kontakt med brukarane etter at gruppetilbod er stoppa

Koronatidene gjer at både måndagskafeen på Meinstad i Fyresdal og fredagstilbodet innan psykisk helse i Treungen er stengt. Ei løysing då er å ringe til brukarar av tilbodet for å høyre korleis dei har det.

For å redusere faren for spreiing av koronaviruset har psykisk helse i Fyresdal frå og med 16. mars stengt måndagskafeen på Meinstad inntil vidare.

Tilbod for alle: I ein god del år har det vore måndagskafé på Meinstad, men koronasituasjonen gjer at tilbodet er stengt inntil vidare. Bildet er tatt før restriksjonar blei innført.

Dette tilbodet starta for ein del år sidan i eit rom på samfunnshuset, men har i meir enn ti år nå halde til i bygget Meinstad ikkje langt unna mellom anna skulen. Opningstida har vore fem timar på dagtid kvar måndag heile året. Folk møtest for ein hyggeleg prat og gode vaflar. Det er fokus på trivsel, livskvalitet, samvær og meistring.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilbod for alle

Psykiatrisk hjelpepleiar i Fyresdal kommune, Randi Momrak, fortel at det i snitt plar å møte mellom 10 og 15 personar på det som er eit lågterskeltilbod.

– Tilbodet er for alle. Det er veldig bra å vere i lag med brukarane, og vil nokon ha ein prat aleine, kan me gå inn på eit eige rom, seier Momrak.

– Eg gler meg til kvar måndag det er kafé på Meinstad, legg ho til om oppgåva som psykiatrisk hjelpepleiar.

Sjølv om tilbodet nå er stengt, er det høve for folk å få snakke med mellom anna Momrak.

– Eg tek ein telefon til mange som nyttar kafeen for å høyre om dei har det bra og om det er noko dei treng hjelp til. Fram til nå har eg ikkje hatt nokon som har kontakta meg relatert til koronasituasjonen, seier Momrak til VTB måndag ettermiddag denne veka.

Siste måndagen før tilbodet blei stengt, blei det feira med kake fordi kommunestyret hadde sagt nei til rådmannens forslag om å rive Meinstad-bygget.

– Eg klarer ikkje å tenke anna enn at kafeen skal vere på Meinstad framover. Det er der me høyrer til og vil vere, seier Momrak.

Glade for bygget: Då det viste seg at Meinstad-bygget ikkje skulle rivast, blei mellom anna Åge Kvasjord og psykiatrisk helsepleiar Randi Momrak glade, og det var klart for feiring med kake.

Lurt å halde avstand

Åge Kvasjord har bruka måndagskafeen sidan 2014.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er heilt borti natta om dei vil rive Meinstad. Det blir ikkje på same måten å vere på samfunnshuset enn i den koselege stoga på Meinstad. Eg blei veldig glad over vedtaket om ikkje å rive bygget, og då blei det kake på kafeen, seier Kvasjord.

Han synest måndagskafeen er eit veldig godt tilbod, og veit at mange er fornøgd med det.

– Akkurat nå har me ingen plass å vere. Det må me finne oss i nå i desse koronatider. Det er lurt å halde avstand, seier Kvasjord.

På heimesida til Fyresdal kommune ligg det informasjon om kven folk kan kontakte om det er behov for å ha ein prat:

«Har du mange tankar og bekymringar om dagen? Sit du heime og føler deg litt einsam? Ta gjerne kontakt med oss på legekontoret eller psykisk helse; Gudny/Randi.»

Fleire å kontakte i Nissedal

På grunn av koronasituasjonen er Mila aktivitetssenter i Treungen stengt, og dermed også fredagstilbodet innan psykisk helse.

– Eg har hatt ringerunde til alle brukarane. Folk er rolege og tek det med fatning, seier Elin Fjalestad, psykiatrikoordinator i Nissedal kommune.

– Er det meir påtrykk på psykisk helse i desse koronatider?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, det vil eg ikkje seie, svarar Fjalestad tysdag føremiddag denne veka.

Ho opplyser at psykiatrisk helseteneste i Vest-Telemark har ein god del samarbeid.

– Eg trur alle kommunane gjer det ganske likt – alle gruppetilbod er avlyst og så gjer me mest mogleg over telefon, seier psykiatrikoordinatoren.

Ikkje gruppetilbod: For tida er det ikkje fredagstilbod innan psykisk helse på Mila aktivitetssenter i Treungen. Psykiatrikoordinatoren ringer brukarar for å høyre korleis dei har det.

På heimesida til Nissedal kommune er det oppretta ei telefonliste, eit lågterskeltilbod med tanke på at folk kan ta kontakt. På lista står helsesjukepleiaren, psykiatrikoordinatoren, presten, diakonen, rådmannen og ordføraren.

Barn og ungdom kan ta kontakt med miljøterapeuten på skulen eller leiaren i ungdomsklubben om det er ynskeleg med samtale. For elevane i Nissedal-skulen er alle kontaktlærarane tilgjengelege.