Treng fleire folk: Kommunalsjef for helse og omsorg i Tokke kommune Ann Wraa, oppmodar folk som har utdanning innanfor helse om å registrere seg hos kommunen. Det kan bli bruk for fleire folk i tida framover.

Oppmodar folk med helsefagleg bakgrunn om å melde seg som vikar

Kommunane førebur seg på koronakrisa. Tokke kommune ber nå folk med helsefagleg utdanning eller bakgrunn registrere seg så dei kan stille opp som vikar om det blir behov.

– Me treng legar, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar, alle som har helsefagleg bakgrunn, opplyser kommunalsjef for helse og omsorg i Tokke kommune, Ann Wraa.

– Dette er ei nasjonal krise og det er viktig å førebu seg, og personalet er sjølvsagt kjempeviktig, seier Wraa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er vanskeleg å vite kva som blir behovet framover. Førebels er det ingen smitta i Tokke, men karantenereglane gjer at noko av personale er i karantene. Koronaviruset legg eit særleg stort press på helsetenestene, og Tokke etablerer derfor ein ressurspool og oppmodar alle med helsefagleg bakgrunn om å ta kontakt, også dei som ikkje har jobba innanfor faget på lenge.

Samarbeid blir viktig

– Folkehelseinstituttet (FHI) seier me må rekne med at 20 prosent kan bli sjuke, men i ulik grad. Ifølge FHI må me i den verste perioden også rekne med 30–40 prosent sjukefråvær, seier Wraa.

FHI meiner toppen vil kome mellom femte og sjette veke, men sidan det ikkje er påvist smitte i Tokke har dei ikkje kome til veke éin enno. Nå førebur kommunen seg på det som kan kome.

–Det blir viktig å samarbeide med resten av Vest-Telemark, og me samarbeider særleg mykje med Vinje. Det er ein viktig del av planlegginga, slik at om det til dømes blir mykje smitte i Tokke, men mindre andre stadar kan me hjelpe kvarandre, seier Wraa.