Formannskapet: Seljord formannskap var samla digitalt i dag. Oppe til venstre: Beate Marie Dahl Eide (Sp), Finn-Arild Bystrøm, Carina Thorvaldsen (Frp).

Seljord utvidar karantenereglane til å gjelde heile Noreg – unntaket er Vest-, Aust- og Midt-Telemark

I formannskapsmøtet i dag orienterte kommuneoverlege i Seljord, Kine Jordbakke, at kommunen tysdag morgon har gjort vedtak om å utvide karantenereglane. Dei har invitert dei andre kommunane til å vere med.

– Me har hatt eit møte med Vinje kommune i dag tidleg, og utvidar vedtaket frå sundag til nå å gjelde heile Noreg, med unntak av Vest-, Aust- og Midt-Telemark, sa Jordbakke til dei folkevalde.

Det betyr at folk som har vore i alle delar andre delar av landet må i heimekarantene når dei kjem heim til Seljord. Seljordordførar Beate Marie Dahl Eide (Sp) og Jordbakke gjekk i går ut og sa dei ønskte å skape ein ring rundt Vest-Telemark, og var også i dialog med kommunane i Aust- og Midt-Telemark.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Desse kommunane har alle ingen eller lite smitte, og me kjem til å invitere alle kommunane til å vere med. Kviteseid har sagt dei vil vere me og Tokke er truleg med, informerer Jordbakke.

Å vere i heimekarantene betyr at du ikkje kan; gå på jobb eller skule, ta offentleg transport og at du ikkje skal vere der det er mykje folk. Du kan likevel for eksempel gå ein tur i skogen.

Det er unntak for dei som har samfunnskritiske jobbar.

Les også
Innfører karantenepåbod for reisande frå Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Innlandet, Vestland og Trøndelag