Når treninga vart avlyst laga ekteparet treningsvideo – det har fått folk til å le

Då ekteparet Solveig Anette og John Oddvar Jermansen i Treungen ikkje kunne gå på den vanlege treninga på sundag, laga dei i staden ein utradisjonell treningsvideo. Den har blitt ein hit på sosiale medium.

Dei siste vekene har det meste av konsertar, seminar, idrettsarrangement, opplesingar, teater og eventyrstunder for dei små blitt avlyst. Symjehallar, bibliotek og treningstimar har også stengde dører, og me skal alle saman halde oss mest mogleg heime. I takt med avlyste arrangement har ei bølge av arrangement rulla ut til oss likevel, rett inn i stova vår faktisk. Det spelar ingen rolle om du bur i Brunkeberg, på Skafsåhei eller i hovudstaden, så lenge du har brukbart nett kan du nyte konsertar gjennom for eksempel Brakkesyke 2020 på Facebook som alt har mange tusen følgarar. Litteraturhuset i Oslo brukar å få besøk av barnehagebarn til høgtlesingstund, det er sjølvsagt avlyst, men i staden har dei høgtlesing for heile landet. Det same gjeld dyrevising i Reptilparken i Oslo og Akvariet i Bergen og ei heil rekke andre tilstellingar.

Viktig å tøyse litt også: Då ekteparet Solveig Anette og John Oddvar Jermansen i Treungen ikkje kunne gå på den vanlege treninga på sundag, lagde dei i staden ein utradisjonell treningsvideo.

Viktig å tøyse litt også

I Treungen valte ikkje ekteparet Jermansen å setje seg djupt i sofaen då treninga dei brukar å gå på kvar sundag vart avlyst på grunn av smittefare. Dei lagde ein treningsvideo i staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er viktig å tøyse litt, og me hadde lyst til å gjere noko gøy i desse heimetider. Me har fått ein utruleg respons, og det er jo litt moro, seier John Oddvar Jermansen.

Den morosame videoen har slått godt an og har fått om lag 350 likar, over hundre kommentarar og eit ukjent tal lattermilde fjes i kommentarfelta.

– Det er kanskje ironien i videoen, det er jo litt parodi det her. Dette er slik proffane kan gjere, men kanskje ikkje vanlege folk, seier Jermansen.

Han og kona kom på ideen saman til videoen der dei har kryssklipt ekteparet sin eigen treningsinnsats med andre svært godt trena par. Det andre paret flyttar på eit gigantisk dekk, ekteparet Jermansen veltar saman eit bildekk som dei hoppar opp og ned frå. Mannen i den andre videoen slenger kvinna opp ein høg murvegg og går sjølv på hendene nedanfor, medan Jermansen nøyer seg med gelenderet på huset sitt der dei balar ein heil del for å få den kvinnelege parten av duoen opp på gelenderet.

Her er viktige ingrediensar for å halde både kropp og sjel friske i desse spesielle tider, humor og enkle tips til trening i heimen.