Føre var: Kommuneoverlege Kine Jordbakke og ordførar Beate Marie Dahl Eide i Seljord ønsker å lage ein ring rundt Vest-Telemark for å hindre spreiing av koronaviruset. Bildet er tatt i ein annan samanheng.

Vil lage ein ring rundt Vest-Telemark

I går gjekk Seljord kommune ut med karantenepåbod for dei som har vore i Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Innlandet, Vestland og Trøndelag. Kommunen har god kontakt med resten av Vest-Telemark, og ønsker å lage ein ring rundt Øvre-Telemark for å hindre spreiing av koronaviruset.

– Heldigvis har me ikkje smitte i Seljord, eller resten av Vest-Telemark, med unntak av nokon hytteturistar. Me er førebels ganske skjerma her, og eg har vore i kontakt med alle kommuneoverlegane i Vest-Telemark, Midt-Telemark og til dels i Øvre-Telemark. Dei skal ha møte i løpet av måndag, så det blir truleg avklart i løpet av ettermiddagen eller kvelden, seier kommuneoverlege i Seljord, Kine Jordbakke.

Kva betyr heimekarantene?

Dei nye karantenereglane seier at folk i Seljord som har vore i Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Innlandet, Vestland og Trøndelag skal i karantene. Vedtaket har tilbakeverkande kraft frå 10. mars, og karantenetida er sett til 14 dagar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Heimekarantene betyr tre ting; du skal ikkje gå på jobb (eller skule, men det er ikkje aktuelt nå), du skal ikkje bruke offentleg transport og du skal ikkje vere i forsamlingar der det er mykje folk, fortel Jordbakke.

Unntaket gjeld for dei som har samfunnskritiske arbeidsoppgåver. Dette er dei som arbeider med styring og kriseleiing, forsvaret, lov og orden, helse og omsorg, redningsteneste, IKT-tryggleik i sivil sektor, natur og miljø, forsyningstryggleik og vatn og avløp.

– Me har fått spørsmål frå folk som jobbar i desse fylka på anlegg til dømes. Dei kan reise ut på jobb, men dei hamnar i karantene når dei kjem heim att, seier ordførar Beate Marie Dahle Eide.

– Me gjer dette for å beskytte dei som er sjuke og svake, og inngangen vår er å vere føre var, seier Eide.

– Nå er det slik at alle som har lette luftvegssymptom skal halde seg heime, og dei skal vere heime til ein dag etter at dei er friske. Men alle skal ikkje testast, forklarar Jordbakke.

Les også
Desse har fritak frå karantenepåbodet i Seljord

Folkehelseinstituttet informerer at om du har lette symptom skal du ikkje kontakte helsevesenet for å bli testa. Alle kan ikkje bli testa, det er for å avgrense bruk av testing og ressursar til fordel for alvorleg sjuke og sårbare grupper. Dei som får meir alvorlege symptom må sjølvsagt ta kontakt med fastlege eller legevakt. Då må dei bruke telefon.

Tidleg ute

Seljordordføraren meiner kommunen har vore i forkant, og førebudd seg godt på koronasituasjonen.

– Me oppmoda folk tidleg om å ikkje møtest i større forsamlingar, og dei kommunalt tilsette fekk råd om å ikkje kome på arbeid på torsdag. Torsdag fekk også private helsetenester melding om å ikkje ta inn pasientar. Kine har gjort ein god jobb, og såg tidleg at når alt stenger ned blir matbutikkane eit treffpunkt der smitte kan spreiast, rosar Eide.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har vore i nesten alle butikkane i sentrum, og vore i kontakt med alle butikkane. Me har stansa salet av smågodt, og laussal av bakevarer. På Rema og Meny må folk vaske seg på hendene før dei går inn i butikken, dei andre stadane må dei sprite seg. Me har sendt ut e-post til reiselivet med retningsliner for vask og reinhald, fortel kommuneoverlegen.

– Me opplever ein veldig velvilje overalt, påpeikar ho.

Les også
– Vask hender og respekter karantenen