Ikkje meir enn ti personar må opphalde seg samla

For å førebyggje smitte set Vinje kommune restriksjonar på kor mange innbyggjarar som kan vera samla.

I statusen frå ordføraren kjem det fram at to av dei tre som har vore smitta av koronaviruset framleis er på hytta i Rauland. Den tredje er friskmeldt og har reist heim.

Heile meldinga frå ordføraren:

Artikkelen held fram under annonsen.

«Status per no er at det er 2 personar som er stadfesta smitta som oppheld seg i Vinje kommune.

Dei 2 personane er isolert på same hytte i Rauland. Ein av dei tre personane som til no sat på hytta er friskmeldt av kommunelegen og har reist heim til sin heimkommune.

Talet på mobiltelefonar i Vinje kommune var kl. 10 i dag 3913. Det peikar i retning av at det er få personar i kommunen i tillegg til dei som bur her.

Bibliotektenesta er open, men døra er stengt. Folk er på jobb, og dersom ein ynskjer å låne bøkar kan ein sende ein e-post til biblioteket og bestille bok, eller ringe i opningstida. Så får de svar og avtalt henting. Bøkane treng ikkje leverast attende innanfor normal lånetid.

Vinje kommune har no gjort vedtak om at fleire enn 10 personar ikkje må opphalde seg samla. Det er for å førebygge smitte. Unnatak når det må skje for å oppretthalde kritiske samfunnsfunksjonar.

Eigaren av Rauland Høgfjellshotell og eigarane av Haukeli Hotell har stilt sine hotell til disposisjon for Vinje kommune. Der er det mange rom og kjøkken til matproduksjon. Vi er takksame for desse tilboda, og så vil tida vise kva det blir trong for.

Fleire i næringslivet leverer no smitteverneutstyr til helsetenesta i kommunen. Noko næringsliv har kjøpt inn dette, men får ikkje brukt det fordi dei er stengt ned. Vinje kommune sett stor pris på å få tilgang til dette materiellet.

Det er i det heile vanskeleg å rose næringslivet og folk elles i Vinje nok for måten dei opptrer på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi har tidlegare varsla at det vil kome opp ei brakke/container framfor helsebygget for smittemottak. Vi har no funne ei anna løysing, slik at det kjem ikkje noko slik brakke. Vi vil bruke det gamle lensmannskontoret til smittemottak, og har starta å rigge det for det. På den måten vil smittemottak ikkje skje inne i helsebygget i det heile, men isolert frå det. Det er for å førebygge smitte. Dette er eit planlagt tiltak dersom det skulle bli eit utbrot i Vinje.

Næringssjefen jobbar aktivt opp mot næringslivet i denne krisa for å kartlegge, finne kortsiktige løysingar, gjere dei klåre for krisepakkene som har kome og kjem nasjonalt, og sjå på om vi kan planlegge for ei kommunal krisepakke.

Keep Calm and Carry on»