Det blir truleg politipatrulje i hytteområde i Vinje i morgon.

Set inn politipatrulje i enkelte hytteområde i kveld og i morgon

I morgon er det straffbart å vera på hytte i ein annan kommune enn der ein bur.

Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven melder at han har hatt kontakt med politiet.

– Det blir truleg ein politipatrulje i nokon av hytteområda i Vinje kommune i morgon, skriv han på Facebook.

Artikkelen held fram under annonsen.

Litt seinare oppdaterer han:

– Eg har no hatt kontakt med politiet, og det kjem til å bli politipatrulje i hyttefelt i Vinje i kveld og i morgo.

Kommunen har sendt ut ny sms i dag til alle som eig hytte i kommunen.

– I den meldinga blir alle bede om å reise heim, men det står også at dersom det er trong for naudsynt tilsyn av hytta kan dei kontakte kommunen så skal vi løyse det, skriv Kleven.

Heile meldinga frå ordføraren:

Status per no er at det er ingen stadfesta smitta i Vinje kommune.

I går varsla Vinje kommune at vi vil vurdere å stenge hyttefelt. Etter smittevernloven § 4–1 bokstav d kan vi fysisk isolere hyttefelt dersom det er personar som er smitta eller det er mistanke om smitte hos nokon i eit hyttefelt. Dette kjem vi til å fylgje opp. I tillegg til det har regjeringa varsla at det kjem ei forskrift som blir sett i verk i morgo der det vil vere straffbart å bli på eller reise til hytte i ein annan kommune enn heimkommunen. Eg har hatt kontakt med politiet i dag, og dette kjem til å bli handheva. Det blir truleg ei politipatrulje i nokon av hytteområda i Vinje kommune i morgo. Vinje kommune har sendt ut ny SMS i dag til alle som eig hytte i Vinje kommune. I den meldinga blir alle bede om å reise heim, men det står også at dersom det er trong for naudsynt tilsyn av hytta kan dei kontakte kommunen så skal vi løyse det.

Det er i dag sett i verk tiltak i alle matbutikkar om at all mat skal vere i emballasje. Det vil sei at bakevarer, frukt, grønsaker og smågodt skal vere pakka i emballasje før det bli sett fram for sal. Det blir eit stort ekstraarbeid for alle butikkane. Husk å kaste plast i plastavfall.

Vinje kommune kjem ikkje til å sende ut faktura for eigenbetaling på barnehage, SFO eller kulturskule så lenge dette er stengt. Fakturaen som har forfall no i mars må betalast, for den gjeld tenestene i februar. Det kjem då ikkje ny faktura for mars.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vinje kommune kjem truleg til å innføre restriksjonar på kor mange menneske som kan oppholde seg inne i dei ulike butikkane samstundes. Vi kjem også truleg til å innføre reglar om karantene for alle som har pendla og kjem heim til Vinje. Det kan også bli aktuelt å stenge byggearbeid i kommunen som blir utført av pendlarar. Dette vil vi gå gjennom for å sjå konsekvensane av før det blir innført, og eigen melding om det kjem dersom det blir innført.

Det politiske møtet i plan- og miljøutvalet 18. mars går som vanleg, bortsett frå at det blir i kommunestyresalen der dei sju medlemane kan sitje godt frå kvarandre. Vi meiner det er viktig at den politiske styringa av kommunen held fram.

Frivilligsentralen i Vinje har fått oversyn over alle tilsette i kommunen som no har ledige hender, og vil i morgo gå breitt ut for å verve andre. Kommunen set stor pris på om dei som har lyst og høve til det melder seg til frivilligsentralen då med kva dei kan bidraga med.

Grunnskulen i Vinje har laga ferdig heimeskuleopplegg til alle elevane, og foreldra har fått melding om henting av dette via Mobilskule.

Vi får mange innspel frå alle der ute, og set stor pris på det. Det er mange som vil bidraga, og nyttige innspel på ting vi ikkje har fanga opp.

Ta vare på kvarandre i ei spesiell tid.