Forbod mot innreise til Seljord, Vinje og Kviteseid

Alle som ikkje er busett i kommunane Seljord, Kviteseid, Vinje, Tokke, Fyresdal, Nissedal, Midt-Telemark, Hjartdal, Notodden og Tinn har forbod mot å reise inn til Seljord, Kviteseid og Vinje kommunar.

Dette gjeld òg arbeidstakarar som pendlar inn til arbeidsplassar i Seljord, Kviteseid og Vinje kommunar dersom dei ikkje utfører samfunnskritiske oppgåver. Dei som pendlar inn og utfører samfunnskritisk arbeid vert bedne om å vere i kontakt med færrast mogeleg medan dei oppheld seg i kommunen.

Liste over samfunnskritiske jobbar

Artikkelen held fram under annonsen.

Det opplyser ordførarane Beate Marie Dahl Eide (Seljord), Jon Rikard Kleven (Vinje) og Bjørn Nordskog (Kviteseid) i ei pressemelding.

– Me ber innstendig alle som bur i Seljord, Kviteseid og Vinje kommunar om å avgrense reisene sine til det som er strengt nødvendig dei neste vekene, respektere heimekarantene og isolasjon og at personar med opphald utanfor Vest-, Midt- og Aust-Telemark forheld seg til innreiseforbodet som no er vedteke, skriv dei i pressemeldinga.

– Me må alle ta den nasjonale dugnaden på alvor og ta vår del. Me må alle gjere det vi kan for å hindre smitta i å spreie seg. Vi har framleis ein handterbar smittesituasjon i vårt område, men dette kan forandre seg svært raskt. Akkurat no må vi alle godta alvorlege innskrenkingar på kvardagslivet vårt. Livet vil gå som normalt att, men no er det tid for dugnad og å innsjå alvoret i situasjonen. Me oppmodar innstendig om at alle set seg inn i dei nasjonale føringane og respekterer heimekarantene og heimeisolasjon; Me må no hindre at dei gruppene som ikkje vil tole å bli smitta av dette viruset vert utsett for smitte. Det me gjer no vil berge liv!

Dei legg til at det er heilt avgjerande at dei som arbeider med samfunnskritiske oppgåver held seg friske så ein klarer å halde samfunnet i gang og at dei heilt grunnleggande tinga i samfunnet ikkje vert sett ut av spel.

Minst mogleg ferdsel

Karanteneforbodet betyr at alle innbyggjarar i Seljord, Kviteseid og Vinje som har vore utanfor dei nemnde kommunane frå 13. mars eller seinare må vere i heimekarantene i 14 dagar, på same måte som alle som har vore i utlandet.

Dette gjeld også arbeidspendlarar som pendlar ut frå kommunen. Husstandsmedlemmar er ikkje omfatta av vedtaket.

Om du reiser til andre kommunar enn Seljord, Kviteseid, Vinje, Tokke, Fyresdal, Nissedal, Midt-Telemark, Hjartdal, Notodden og Tinn vert du automatisk sett i 14 dagar heimekarantene når du kjem att. Reiser du ut att i løpet av denne perioden startar det ein ny karanteneperiode når du kjem att.

– Me ynskjer minst mogeleg ferdsel inn og ut av kommunane våre no, skriv dei tre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Kviteseid og Vinje fylgjer Seljord i utvida karantenereglar
Les også
Seljord utvidar karantenereglane til å gjelde heile Noreg – unntaket er Vest-, Aust- og Midt-Telemark