Kommuneoverlege: Anne Ruth Syrtveit Mikalsen.

Kviteseid og Vinje fylgjer Seljord i utvida karantenereglar

Både Kviteseid og Vinje følgjer Seljord og utvidar karantenekrava. Folk som kjem frå kommunar utanfor Vest-Telemark, Midt-Telemark, Hjartdal, Notodden og Tinn må i 14 dagar heimekarantene.

Under eit informasjonsmøte til kommunestyret i Kviteseid som vart halden på web-tv orienterte kommuneoverlege Anne Ruth Syrtveit Mikalsen om den utvida smittevernet.

Les også
Seljord utvidar karantenereglane til å gjelde heile Noreg – unntaket er Vest-, Aust- og Midt-Telemark

– Me ynskjer å få eit meir regionalt vedtak, og Kviteseid og Vinje har difor blitt einige om å følgje Seljord si utviding av karantenereglane, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle som kjem frå resten av landet skal gå i heimekarantene i 14 dagar. Unnataket er kommunane i Vest-Telemark, Tinn, Hjartdal og Midt-Telemark og Notodden.

Unnataket gjeld også personar som jobbar i vitale samfunnsfunksjonar.

Vedtaket har tilbakeverkande kraft til fredag den 13. mars. Alle som har kome utanfrå sidan då må i heimekarantene.

– Det gjeld også arbeidspendlarar, men ikkje personar i same husstand som desse, seier Mikalsen.

– Kommunelegen ser det som avgjerande avgrense smitta frå utanfor regionen, sa ho.

Vedtaket gjeld frå klokka 18.00 i dag.

Vedtaket

Vedtak:

For å stoppe spreiing av Covid-19 og bidra til å oppretthalde naudsynte helse- og omsorgstenester gjer kommuneoverlegane i kommunane Seljord, Kviteseid og Vinje tysdag 17.03.20 følgjande vedtak, etter smittevernlova § 4-1 femte ledd:

1) Vedtaket omfattar per 17.03.20 følgjande område:

Alle fylke og kommunar i Noreg, med unnatak av Seljord, Kviteseid, Vinje, Tokke, Fyresdal, Nissedal, Midt-Telemark, Hjartdal, Notodden og Tinn.

2) Alle som kjem til regionen etter reiser i Noreg blir sett i heimekarantene i 14 dagar etter ankomst til kommunen, med unntak for dei kommunar som er lista opp i punkt 1. Dette gjeld også arbeidspendlarar som pendlar ut frå kommunen.

Husstandsmedlemmar er ikkje omfatta av vedtaket.

3) Alle som har opphald i område nemnd i punkt 1 har forbod mot å reise inn til Seljord, Kviteseid og Vinje kommunar, med unntak for dei kommunar som er lista opp i punkt 1.

Dette gjeld også arbeidstakarar som pendlar inn til arbeidsplassar i Seljord, Kviteseid og Vinje kommunar dersom dei ikkje utfører samfunnskritiske oppgåver.

4) For personar som utviklar sjukdom eller symptom i karanteneperioden, gjeld dei føringane som til ei kvar tid kjem frå myndigheitene for omgjering av karantene til isolasjon.

5) Vedtaket vert gjeve tilbakeverkande kraft frå og med 13.mars.

6) Leiing av verksemder som er lista etter DSB sin definisjon av samfunnskritiske funksjonar vert gjeve adgang til å gjere unntak for eige nøkkelpersonell når dette er strengt naudsynt for å oppretthalde forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjonar.

Les også
Vil lage ein ring rundt Vest-Telemark