Kommuneoverlege: Anne Ruth Syrtveit Mikalsen. Foto: Tone Tveit

Kommuneoverlegen stenger toaletta langs vegen

Kommuneoverlegen i Kviteseid har bestemt at sanitæranlegga/vegtoalett som Statens vegvesen har langs Rv41 og E134 i kommunen blir stengt.

«Av omsyn til å hindre smittespreiing av SARS-CoV-2 (Korona) avgjer eg, med heimel i smittevernlovas §4-1, å stenge vegvesenets toalett i Kviteseid kommune,» melder kommuneoverlege Anne Ruth Syrtveit Mikalsen i Kviteseid.