Håpar å kunne gje kriseleiinga kvile i helga

Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven treng ei utkvilt og opplagt kriseleiing framover, og håpar å unngå helgemøte.

Det melder ordføraren i fredagens statusoppdatering på Facebook. Der skriv han at beredskapen er god.

– Dersom situasjonen forblir uendra vil kriseleiinga ikkje ha møte laurdag og sundag. Eg vil legge ut ein stutt status også i helga for å stadfeste om situasjonen er uendra, eller ikkje. Dersom noko skjer, har vi beredskapen klar og kriseleiinga vil samlast raskt, skriv han.

Artikkelen held fram under annonsen.

I løpet av dagen er det gamle lensmannskontoret omgjort til smittemottak. Sjukepleiar og lege har jobba godt for å ha denne beredskapen klar før helga.

– Føremålet med dette er å ha smittemottak i eit anna bygg enn helsehuset - og med det minke risikoen for å få smitte inn i helsebygget, melder Kleven.

Kommunen opprettar ei telefonvakt for barn og unge. Ein stad dei kan ringe og få svar på spørsmål eller prate litt med ein vaksen. Den blir bemanna av tilsette i Vinje kommune. Telefonvakta skal vere operativ frå måndag.

Elles sit det framleis to smitta personar isolert på hytte i Rauland.