Video: Audun Svartdals inspirasjonshjørne.

Når både jobb og skule blir digital, så kan då idrettsungdomane også få motivasjon og tips på nettet

Langrennstrenar Audun Svartdal og fotballspelaren Torbjørn Sigstad er blant dei som bidreg med motivasjon- og treningsvideoar for Seljord IL på Facebook.

«I desse tider treng me mykje inspirasjon for å halde kånn aktive! Det er mange former for mosjon og bevegelse. Legg til god musikk med god rytme så hjelper det godt! Både på humør og muskulatur. Ledd og knoklar. Nå veit me høtt me skal gjere resten av helgi! Kommenter gjerne med eit videoklipp av eigen utførelse. God helg!»

Slik introduserer Seljord IL videoen med langrennstrenar Audun Svartdal. Han er blant dei som bidreg når idrettslaget vil aktivisere medlemmene sine i desse koronatider.

Artikkelen held fram under annonsen.

– All idretten er stengt ned og me byrjar alle å bli litt rastlause, seier Hans Inge Hagen i Seljord IL.

Når skulen har fjernundervisning og mange møtest digitalt på arbeid, såg han det som naturleg at det også blei «fjernaktivisering» av idrettslagsmedlemmane. På Facebook-sida til Seljord IL vil det bli presentert ulike videoar til inspirasjon og motivasjon, og med litt humor.

Alt hjelper med musikk

Langrennstrenar Audun Svartdal frå Nordbygdi er blant dei som har tatt imot invitasjonen. Han har kledd seg i Seljord IL-luve og med t-skjorte frå motbakkeløpet i bygda og lagt ut ein video frå sitt eige bad.

– Eg er mest glad i å vera ute. Innetrening har eg ikkje drive med sidan eg var aktiv. Og det byrjar å bli mange år sidan, seier Svartdal.

– Alt hjelper med litt musikk. Det har dei fleste tilgang til, om ein er åleine, eit par, eller om heile familien hoppar og sprett saman, legg han til med eit smil om videoen.

Han har planar om ein video til. Og då utandørs. Sjølv om videoen frå badet er med glimt i augo, er han klar på at det er viktig at folk no er aktive. Og at moglegheitene i Vest-Telemark er mange.

– Det handlar om å kome seg ut, og å kome seg over dørstokken. Mange heime kan gjera det utan å måtte setje seg i ein bil. I Vest-Telemark er det god plass, og langs vegane er det lite trafikk om dagen, seier Svartdal.

– Alt er betre enn ingenting, legg han til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han merkar sjølv at det blir mange timar framom fjernsynet for å fylgje korona-utviklinga, og meiner aktivitet er eit viktig avbrekk frå all elende.

– Bruk kroppen i den friske lufta, oppmodar Svartdal, som avsluttar videoen med: «Ikkje ens Dyrsku‘n».

Der skal Svartdal nemleg som vanleg stå og laga graut for Seljord IL. Men inntil koronasituasjonen er normalisert og reiserestriksjonane blir oppheva, må han halde seg i Oslo.

– Nå slepp eg ikkje inn i bygda og det blir ikkje sjanse til påsketur på hytta, men slik er det, seier han.

Ikkje uroa for individuelle utøvarar

Langrennssesongen slutta brått i år. Svartdal siste oppgåve var som speaker i Helterennet på Rauland. For teknikktrenaren frå Nordbygdi er april normalt ein roleg månad, og han er ikkje så uroa for dei individuelle idrettsutøvarane.

– Dei er heldige og kan trene ute – på sykkel eller springe, eller til og med ein tur på ski i fjellet om ein held seg til dei nasjonale reglane. Eg føler meir med dei som driv lagidrett, seier han.

Litt mimring

I koronatider har han også fått høve til å mimre litt, og me tek oss tida til eit par historier frå slutten av 80-talet. Sist helg blei løpet då Torbjørn Løkken blei verdsmeister i kombinert i Oberstdorf i 1987 vist på NRK. Svartdal fekk mykje av æra for at Løkken tok gullet etter eit fantastisk langrenn der han gjekk ut som nummer 19 etter hopprennet.

Langrennstrenar Audun Svartdal hadde berre akkreditering ute i løypa, men då Løkken gjekk inn til VM-gull ville han sjølvsagt vera med på feiringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg blei stoppa av soldatar på veg inn i målområdet. Her slapp ikkje eg inn. Men eg var temmeleg gira og ville vera med å feire, så til slutt sa eg: «Mein son has jetzt gewonnen». Då slapp eg inn, seier Svartdal om skrøna om at Løkken, som er fire år yngre enn han, var sonen hans.

Elles kan han fortelje at han året etter var akkreditert som aktiv i OL i Calgary.

– Det var strengt regime på kor mange leiarar ein kunne ha med, så eg stod som aktiv, seier Svartdal som stod på lista over kombinertløparar. Men han slapp å sleppe utfor hoppbakken i Canada.

– Me hadde det mykje moro på 80-talet og er har framleis god kontakt med kombinertmiljøet, seier han.