Kommuneoverlege Marius Opsahl i Vinje.

«Smitten vil kome, men me vil at den skal kome kontrollert.»

Kommuneoverlege Marius Opsahl i Vinje rosar alle for å vere så tolmodige og pliktoppfyllande i den alvorlege krisa.

Brevet er publisert på kommunens heimeside.

Heile brevet:

«Kjære vinbyggje

Artikkelen held fram under annonsen.

Me har lagt bak oss to veker med store endringar i kommunen. Det har blitt innført fleire ulike restriksjonar og karanteneregler mv.

Doktorkontoret har blitt gjort i stand til å kunne møte smitta personar og ordinær drift er gjort om til akutthjelp. Sjukeheimen er stengt for besøk og fleire andre tilbod i kommune som me elles er så stolte av å kunne tilby våre innbyggjarane er nå sett på vent. Fleire av tiltaka som er innført rammar næringslivet hardt, eg har vondt av å sjå kva konsekvensar det medfører verksemdene og arbeidsplassane i kommunen.

Jobben min er å ta ekstra godt vare på innbyggarane under den pågåande pandemien som herjar verda, også her i vesle Noreg. Eg og fleire andre kommunelegar i Vest-Telemark har valt å leggje oss på ei noko meir restriktiv linje enn større byar rundt om i landet.

I Vinje er i per dags dato ingen registrert smitta personar (bortsett frå to ufrivillige langtidshyttebebuarar på Rauland), då gjev det meining med innreiseforbod i kommunen og påfølgjande karantene i to veker, dersom du har reist utanfor grøn sone. Målet er å hindre at me får ein ukontrollert spreiing av Corona-viruset hjå innbyggjarane i kommunen. Mange av innbyggjarane er eldre og er svært sårbare for viruset.

Smitten vil kome, men me vil at den skal kome kontrollert. Me ynskjer så langt råd er å ha kontroll på spreiinga og på ein god måte hjelpe alle som treng helsehjelp.

Eg vil rose alle for å vere så tolmodige og pliktoppfyllande i den alvorlege krisa. Det varmar ein kommuneoverlege sitt hjarte når eg ser alle som fult ut følgjer opp rundt dei råd og restriksjonar som ein gjev. EIN STOR TAKK TIL ALLE!

Eg vil også rette ein stor takk til hytteeigarane frå andre kommunar som har synt forståing og respekt for lokale tiltak og sentrale forskrifter som regulerer bruken av hytta i Vinje.

Så eit par ting som er viktig å understreke:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alle som har alvorlege sjukdommar SKAL ha LÅG terskel for å ta kontakt med doktorkontoret. Det er viktig at ein ikkje er redd for å ta kontakt, me er her for å gje god hjelp, derfor har me lagt om tenesta. Dei som mest treng helsehjelp blir nå prioritert. Ring alltid før du kjem og opplys om du er i karantene eller i isolasjon.

– Det er foreløpig innreiseforbod til Vinje frå alle fylke og kommunar i Noreg, bortsett frå nokre kommunar i Vest, Aust og Midt Telemark. Det betyr at du som innbyggjar i kommunen kan reise ut når som helst og du vil alltid kunne komme attende til Vinje.

– Det er særdeles viktig at du som skal på kontroll i helsetenesta utanfor Vinje møter til timen. Det betyr ikkje at du ikkje får komme tilbake til Vinje, men at du og dei som har reist med deg må vere heime her i Vinje i karantene (14 dagar).

Til slutt vil oppmode alle å ta vare på kvarandre framover, me har ein tøft periode framfor oss.

– Ta ein ekstra telefon til ein som kanskje treng det.

– Ver restriktive med reiser og besøk.

– Ver nøye med håndhygiene.

– Hald sikker avstand når du møter andre.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ver tolmodige.

– Vis omtanke og kjærleik.

Marius Opsahl

Kommuneoverlege Vinje»