Det er usikkert når livet blir normalt igjen. Nokre forskarar seier til sommaren, dersom Noreg får tilsvarande utvikling som Kina, ein annan seier til hausten. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix / NPK

Forskarar trur nedstenginga av Noreg kan bli langvarig

Ingen veit heilt sikkert kor lenge koronakrisa kjem til å vare, men ei rekke norske forskarar trur det er lenge til livet blir normalt igjen.

Effekten av koronatiltaka vil først bli synleg om tidlegast to veker, seier smitteforskar Arnoldo Frigessi til Klassekampen. Han spår restriksjonar fram til slutten av mai.

Frigessi trur Noreg må passere toppen av innleggingar på sjukehus før folk igjen kan komme i aktivitet på skular og på jobb.

– Den personlege oppfatninga mi er at vi kanskje må ha restriksjonar i to månader framover. Det viktigaste er å freista å halde talet på alvorlege sjuke på eit nivå som helsevesenet kan handtere, seier Frigessi, som er statistikar og professor ved Senter for biostatistikk og epidemiologi ved Universitetet i Oslo.

Dersom tiltaka har lykkast, vil vi om to veker sjå ein svakare vekst i talet på innleggingar på sjukehusa, forklarer professoren, som følgjer koronaepidemien tett.

– Ikkje mist motet

– Det er veldig viktig å ikkje miste motet, sjølv om effekten ikkje ser så stor ut om to veker. Resultata kjem ikkje til å sjå fantastiske ut. Men det er viktig å hugse at det sannsynlegvis hadde vore mykje verre utan restriksjonane, seier Frigessi til avisa.

1.169 personar var per måndag smitta av koronaviruset i Noreg, men det er store mørketal, sidan det er stort sett berre er helsepersonell som blir testa.

Frigessi seier at sjukehusinnleggingar kjem til å bli ein av dei viktigaste indikatorane på omfanget av epidemien. Måndag var til saman 52 koronasjuke innlagt på sjukehus.

– Rett å bruke storslegga

Professor Steinar Westin i sosialmedisin ved NTNU lovpriser koronatiltaka som er innførte. Han seier det er umogleg å seie kor lenge nedstenginga av Noreg vil vare.

– Dei vedtaka som er gjort no, er for at styresmaktene skal få tid til å tenkje seg om. Eg trur dette kan vare til langt ut på hausten. At vi bruker storslegga no og kjem i gang, er det einaste rette. Kva effektane av tiltaka blir – og om dei fungerer – kan vi ikkje vite før det har gått ei stund. Avgjerder må takast undervegs, seier Westin til Vårt Land.

Professor emeritus Dag Steiner Thelle ved Universitetet i Oslo seier til VG at Kina ser ut til å ha nådd toppen etter cirka tre månader.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ingen av oss veit når vi når toppen i Noreg, men eg vil tippe at det vil byrje å dabbe av ein gong i juni. Den største utfordringa er om det blir fleire smitta på sjukehusa. Klarer ein å trekke dette over eit år eller to, klarer sjukehusa det, seier Thelle.

Stor uvisse

Samtidig seier pandemiforskar Svenn-Erik Mamelund ved Oslomet til VG at data om lengda på utbrotet til kinesarane ikkje er nødvendigvis er overførbare til Noreg og vestlege land, sidan ein neppe går like strengt til verks her når det gjeld tiltak.

– Dette er særs vanskeleg å seie. Etter samtale med dei kinesiske kollegaene mine som jobbar med dette, reknar ein med at epidemien i Kina vil vare til godt ut i april. Om vi antar ei tilsvarande utvikling i Noreg som i Kina, vil vi måtte rekne med at han kan vare til opp mot sommaren, seier professor Nils Christian Stenseth til VG.

– Men her er det stor uvisse – ikkje minst fordi tiltaka er ulike i Europa, Amerika og andre land, som klart vil påverke forholda i Noreg, seier Stenseth.

(©NPK)

Professor og smitteforskar Arnoldo Frigessi seier det viktigaste er å prøve å halde talet på alvorleg sjuke på eit nivå som helsevesenet kan handtere. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK