Stengt: På kort tid måtte Stian Hauge og sambuaren Trude Lundevall få kontroll på kostnadane, permittere 12 tilsette og gjera avtaler med leverandørar

Måtte stenge på fire timars varsel

Frisørsalongen Balanzera har stengt dørene på ubestemt tid på grunn av koronaviruset. Nå er eigarane usikre på framtida.

Stian Hauge og sambuaren Trude Lundevall eig frisørsalongen Balanzera i Kviteseid. På kort tid måtte dei få kontroll på kostnadane, permittere 12 tilsette og gjera avtaler med leverandørar.

– Nå prøvar me å få redusert husleige som eit spleiselag mellom huseigar og oss. Når det er så prekært for ein liten frisør, så trur eg me berre har sett starten på dei langsiktige konsekvensane av dette, seier Hauge.

Artikkelen held fram under annonsen.

Telemark næringshage stiller seg til disposisjon

– Me har drive frisørsalong i 12 år med god økonomi, men når inntektene forsvinn fordi me må stenge på oppfordring frå styresmaktene går pengane fort. Hadde ikkje me gjort tiltak nå, så hadde me måtte lagt ned i slutten av april i verste fall, seier Hauge.

Han har vore i kontakt med Telemark næringshage og bede dei om å kome på banen med rådgjeving til bedrifter som lir under koronapandemien.

– Etter klarsignal frå fylkeskommunen og SIVA brukar nå Telemark næringshage seks tilsette på å kartlegge behov og kommunisere tiltak for bedrifter som treng det. Det er viktig for små bedrifter å bli klar over risikoane. Telemark næringshage kan kontaktast om du er bekymra og treng råd, seier Hauge.

Han håpar regjeringa kjem med tiltaka som krevst for å halde liv i små og mellomstore aksjeselskap.