Heimekontor: Journalistane i VTB har også heimekontor, og har berre digitale møter.

Helgevakt i koronaens tid

Ei helgevakt som bladfyk i VTB kan vere ein heseblesande affære, med mange mil bak rattet på den trufaste VTB-bilen.

Konsertar, utstillingar, intervju, fotballkampar, skileik, bygdedagar og prisutdelingar. Ein laurdag kan byrje på diktarheimen Midtbø i Vinje, før bladfyken cruisar vidare på nyoppussa europaveg, svingar bortom Flatdal. Etter ein halv eller heil time tek me ein u-sving, susar over nok ei kommunegrense, surfar ned Brunkebergbakkane, krabbar opp kleivane, stansar i Vrådal, før ein på ny set seg bak rattet, køyrer så sakte ein berre må langs den smale og krøllete Vrådalsstrånda, kryssar nok ei kommunegrense og ender til slutt vakta på Verket. Ja, og så er det heim igjen da.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvar einaste helgevakt betyr at du får prata med folk du neppe hadde prata med elles, høyrer noko som er til å le av eller til å riste på hovudet av, besøkt nokon i enden av ein smal veg du ikkje ante kvar enda, bli rørt av barn som opptrer på ei scene eller glede seg over andres idrettsglede i skispor eller på fotballbane, og så å seie alltid bli imponert og glad for alt folk gjer i og for lokalsamfunnet sitt. Nå var det ikkje meininga dette skulle vere ei stillingsannonse, men slik er det faktisk å vere på jobb for lokalavisa.

Ingen helger er like så klart. Nokon helger skjer alt, nokon helger nesten ingenting.

Men det er aldri så stille helger som denne. Akkurat nå verkar det som om det ikkje skjer nokon ting. Vest-Telemark har tatt pause. Verda har tatt pause. Held pusten, og ventar på neste trekk. Samstundes skjer det så frykteleg mykje. På to veker er verken nyheitsbilde, kvardag eller stemninga til å kjenne igjen.

Me har gått frå å trekke på skuldrene av dette ukjente koronaviruset til knapt våge å forlate huset.

Førebels er denne helgevakta sitt største koronaproblem rastløysa av enorme mengder heimetid, heimebarnehage, heimekontor, heime-alt-saman. I tillegg har ho heimekontor i husets styggaste rom. I tillegg er stolen vond.

Altså; ingen eigentlege problem.

Medan me ventar på siste nytt, neste trekk frå viruset, er eg takksam for at det er så stille akkurat nå, for at Vest-Telemark også tek pause.

Men eg gler meg til verda er til å kjenne att igjen, og til helgevakta igjen betyr å frese av garde på humpete, svingete vegar frå grend til grend, frå kommune til kommune i regionen me alltid heiar på. Men fram til den tid skal eg sjå om eg finn ein stol som er betre å sitje på.

Artikkelen held fram under annonsen.