Bekymra: Dagleg leiar Tor Arve Vartdal blir intervjua av Øystein Øygarden – båe på heimekontor.

Annonsesalet stupar – også lokalavisa må permittere

Prognosane viser at 3 av 4 annonsekroner kan bli borte. Tor Arve Vartdal, dagleg leiar i Vest-Telemark blad, oppmodar nå kommunane og lokalt næringsliv til hjelp over kneika.

– Om ikkje denne situasjonen endrar seg blir det milliontap. Me ser at annonsesalet stupar og har måtte tatt grep, seier Vartdal til eiga avis.

Denne veka varsla bedrifta at fem tilsette på kontor, grafisk og annonsesal blir permitterte i 50 prosent frå neste veke.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er med tungt hjarte, men me har valt å fordele på fleire tilsette for å skåne mest mogleg, seier han.

Han reknar med at inntektssvikten på annonsar kan bli på 75 prosent. Annonseinntektene utgjer litt under halvparten av dei totale inntektene i avisa som i 2019 omsette for om lag 16 millionar kroner.

– Nå er det viktig at kommunane og næringslivet stiller opp. Me har sendt ut spesialtilbod på nett og papir slik at desse kan nå ut med viktig informasjon til alle – både unge og gamle, seier Vartdal.

Redaksjonen er førebels skjerma frå permittering. Grunngjevinga for dette er at lesartala på nett er om lag tredobla, og at avisa veit dei har ei viktig rolle i å informerer innbyggjarane i den vanskelege tida.

– Med så høge lesartal er det eit godt tidspunkt også å annonsere på nett. Om ein ikkje har dei gode tilboda akkurat nå, kan ei synleg profilannonse vera eit godt utstillingsvindauge, meiner Vartdal.

Han er einig med Funnemark-sjef Terje Nordstoga i oppmodinga om at det er i desse dagar ein må bruke det lokale næringslivet, og minner om at også Vest-Telemark blad er ein del av dette næringslivet.

Har tapt over 90 prosent

Landslaget for lokalaviser har fått tilbakemelding frå 118 av dei små fådagarsavisene. Omtrent 15 prosent av dei har tapt over 90 prosent av annonseinntektene, skriv Klassekampen.

– Dette er veldig dramatisk og eigentleg mykje verre enn det vi hadde trudd, seier generalsekretær Tomas Bruvik i LLA.

Artikkelen held fram under annonsen.

Over halvparten av avisene svarer at dei ha mista meir enn 50 prosent av dei samla annonseinntektene på nett og papir, 25 prosent av dei har sendt ut permitteringar og 39 prosent vurderer det.

Fryktar avisdød

I ein merknad til den nye krisepakka frå regjeringa går fleirtalet i Stortingets finanskomité inn for å sikre lokalavisene i ei krevjande tid, skriv Medier24.

«Komiteen viser til at mange lokalaviser har kommet i en svært krevende økonomisk situasjon etter et brått fall i annonseinntekter som en følge av konsekvensene for norsk næringsliv og samfunnsliv av koronapandemien. Lokalavisene er lim i lokalsamfunnene og bidrar til samholdsfølelse og tettere lokale fellesskap over hele landet. De er lokalavisene som skriver om sakene som ligger tettest opp til mange folk liv. Dette er informasjon alle har rett på, uavhengig av hvilket postnummer man har».

Vidare skriv dei at dei fryktar at dette vil svekke det lokale folkestyret:

«{ …} da informasjon om lokalpolitikken blir vesentlig mindre tilgjengelig. Blant en rekke lokalaviser er det allerede en stor bekymring knyttet til nedskjæring i antallet dager med postombæring. Den økonomiske krisen kommer nå på toppen av dette, og Landslaget for lokalaviser advarer mot at uten ekstra tiltak vil mange, spesielt små uavhengige lokalaviser, forsvinne».

Mediepolitisk talsperson i Senterpartiet, Åslaug Sem-Jacobsen, seier til Medier24 at ho er svært fornøgd med å ha fått på plass merknaden.

– Me har lyfta fram lokalmediene og eg er veldig glad for at me har fått gehør for dette hos resten av partia, seier ho til Medier24.

No er ho opptatt av at merknaden legg grunnlag for konkrete tiltak for mediesektoren i krisetider.