Dagleg leiar: Øvre Telemark familievernkontor, Gunnar Ofte.

– Ver rause med kvarandre

Det rådet gjev Gunnar Ofte til par som har fått ein ny kvardag dei siste vekene. Ofte er dagleg leiar ved familievernkontoret Øvre Telemark, og blir ikkje overraska om fleire par treng hjelp når koronakrisa er over.

– Det vil vere forskjellig frå par til par, men det som er likt for alle er at dette er ein heilt ukjent situasjon. Den kan by på nye moment av stress, barnehage og skular er stengt, kanskje begge foreldra er heime, nokon kan kjenne på uro og også kanskje økonomisk uro. Dette kan samla auke stresset, seier Ofte.

Det kan bli mykje tid saman for både par og familien nå, og då meiner Ofte det kan vere lurt å finne ein god balanse.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det kan vere lurt å ta nokre friminutt, få litt frisk luft og ikkje berre vere saman. Det krev også at par pratar saman; kva treng eg og kva treng du? Me må vere litt rause med kvarandre.

– Trur du det blir større pågang enn før når dette er over?

– Eg vil ikkje bli overraska om me kjem til å merke det. Vanlegvis kan me merke at det er fleire som tek kontakt etter lengre feriar og høgtider. Når ein lever tett på kvarandre over tid, kjem ofte dei varige forskjellane mellom oss tydelegare fram. Ved stress og påkjenning aukar også moglegheitar for konflikt og kjensler av å ikkje bli sett, høyrt eller forstått. Då kan det vera at tvilen får ta plass i forholdet. Det er ingen veg utanom enn å byrje å snakke om det, seier Ofte, som då rår folk til å søke hjelp i tide.

– Men nokon synest kanskje dette er ei god tid også. Folk har kanskje betre tid enn elles, og kan kanskje gjere meir av det dei likar godt å gjere saman, seier Ofte.