Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven meiner stoda i hyttekommunane har gått frå oske til eld med unntaka i hytteforbodet som blei presentert torsdag.

Ordføraren er lite imponert over hytteforbodet: «Det må vere den sikraste måten å få smitte til Vinje kommune på. Eg har gjeve opp å vente på at regjeringa skal forstå alvoret.»

Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven rasar over hytteforbodet som gjev unntak for familiar som har éin stadfesta smitta i husstanden.

Torsdag blei det kjent at det mykje omtala hytteforbodet i andre kommunar enn der ein bur, blir innført. Det blir gjort nokre unntak, mellom anna for familiar der éin familiemedlem er stadfesta smitta, men ikkje dei andre.

Det reagerer Kleven på:

Artikkelen held fram under annonsen.

«Helseministeren har enno ikkje forstått alvoret, og har no lagt opp til ein svært vanskeleg situasjon for hyttekommunen Vinje. Statsråden vil la alle familiemedlemar av ein smitta person få reise opp på hytta. Det må vere den sikraste måten å få smitte til Vinje kommune på. Eg har gjeve opp å vente på at regjeringa skal forstå alvoret. Eg har gjeve opp å tru at regjeringa skal trygge vårt helsevesen. Eg har gjeve opp å tru at regjeringa vil ta omsyn til innbyggarane i Vinje kommune. I Vinje kommune kjem vi til å stenge ned hyttefelt fysisk ved den aller fyrste ankomsten av personar frå smitta familie,» skriv Kleven på Facebook.

VTB trefte ein djup fortvila, frustrert og forbanna ordførar på telefon torsdag kveld. I går sendte ordførar og kommunelegen i kommunen eit brev, som også var underteikna ordførar og kommunelege i Tinn og Tokke, for å presse på at forskrifta om hytteforbod blei innført. Han var også i kontakt med politisk rådgjevar i både helsedepartementet og justisdepartementet.

Unntaksregelen kom ut av det blå.

– Eg høyrde pressekonferansen og gjekk frå å vera fornøgd til å få hakeslepp då unntaka blei presentert. Heile grunngjevinga for innføringa av forskrifta blir slått ut. Om ein veit at ein er smitta, så er sjansen stor for at fleire i nærleiken er smitta. Det ser me no både på Stortinget og i regjeringsapparatet, seier Kleven.

– Nå går dette frå oske til eld. Ein skal altså ikkje forflytte seg mellom samfunn for å unngå smitte. Men det blir gjort unntak for familie til ein smitta! held han fram om det han meiner er ein uforståleg dobbeltkommunikasjon.

Kleven som er utdanna jurist er ikkje i tvil om at han skal stenge hyttefelt så fort det kjem personar frå smitta familie, og føler seg trygg på at han har lova på si side.

Han har i dag vore i kontakt med Fylkesmannen, men tilbakemeldinga er at «norsk lov også gjeld i Vinje» får forskrifta blir innført.

Kleven veit at ein smitta person kan slå ut helseapparatet i Vinje. I eit svar på ein kommentar på Facebook utdjupar han:

Artikkelen held fram under annonsen.

«Dersom vårt helsepersonell blir sjuke, så får ikkje dialysepasientane dialyse, folk med alvorlege sjukdomar får ikkje oppfylging, me har ikkje legevakt når noko alvorleg skjer. I tida no vil det framleis oppstå alvorleg sjukdom og skadar som ikkje er knytt til koronasmitte. Ein blindtarm er nok om me ikkje har helsepersonell som er friske,» skriv han.

Helseminister Bent Høie sa dette om unntaket på dagens pressekonferanse:

– Då kan resten av familien vere på hytta slik at ein unngår at dei òg blir smitta, medan den som er sjuk må vere heime.

– Då vil ein forhindre at friske familiemedlemmer blir smitta ved å bruke same bad og kjøkken, til dømes, seier Høie.