Ikkje ring: Kommuneoverlege i Seljord, Kine Jordbakke, ber om at folk som treng sjukemelding ikkje ringer fastlegen om dette.

– Ikkje ring fastlegen om sjukemelding

Kommuneoverlege i Seljord, Kine Jordbakke, ber folk som treng sjukemelding om å ikkje ringe legekontoret eller fastlegen.

– Me har eit veldig trykk på telefonen på legekontoret, og har nå to for å bemanne telefonen, fortel Jordbakke.

Ho ber derfor om at folk som må vere borte frå jobb heller snakkar med arbeidsgjevaren sin og får forlenga eigenmeldingsdagane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jordbakke orienterte også i dag formannskapet om korona-situasjonen i Seljord. Det er ingen i smitta i kommunen, og kommuneoverlegen fortalde om arbeidet som blir gjort nå og som vart gjort i forkant.

– Eg har jobba med dette sidan januar. I januar og februar arbeidde me med førebyggande tiltak, og håpa det skulle vere nok, men slik blei det ikkje. Nå har me ein litt annan strategi, seier Jordbakke, og fortalde at Seljord utvidar karantenereglane.

Les også
Seljord utvidar karantenereglane til å gjelde heile Noreg – unntaket er Vest-, Aust- og Midt-Telemark

Kommuneoverlegen rosa alle som jobbar innanfor helse, og korleis dei førebur seg på koronakrisa.

– Me jobbar døgnet rundt, nesten. Og nå er me ganske klare.

Jordbakke informerte også om at ein må førebu seg at etter kvart vil pasientar som har koronasmitte bli sendt heim frå sjukehusa og tilbake til kommunane sine.

– Om me kan få på plass ein felles stad i Vest-Telemark der me kan ta imot desse pasientane hadde det vore bra, meiner Jordbakke.