Ny direktør: Anne-Hege Svartdal byrja tidlegare enn planlagt i den nye jobben som direktør for Visit Telemark på grunn av koronapandemien. - Me er i krise, men skal kome gjennom, seier ho.

– Me er i krise, men den skal me kome gjennom

Telemarks nye reiselivsdirektør Anne-Hege Svartdal meiner det er viktig å samle Telemark nå. – Me står sterkare saman, seier ho.

Anne-Hege Svartdal frå Svartdal skulle eigentleg byrje som direktør i Visit Telemark 1. april. Koronapandemien gjorde at ho byrja i den nye jobben alt måndag.

– Det ser ganske mørkt ut nå. Me som er lokale blir sårbare i det store globale bildet, seier Svartdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sterkare ut av krisa

Ho og dei andre i Visit Telemark sit for tida i møte med NHO, Telemark fylkeskommune og Innovasjon Norge for å kartlegge tiltak som kan gjerast for dei 90 medlemmene i Visit Telemark. I tillegg har reiselivsorganisasjonen eit samarbeid Telemark næringshage som kartlegg situasjonen for all næring i Telemark.

– Me må sjå på korleis me skal kome sterkare ut på andre sida av krisa. Min fyrsteprioritet er å prate med alle medlemmene i Visit Telemark for å kartlegge situasjonen og tankane deira, og finne verkemiddel, seier Svartdal.

Neste steg er å lage ein tiltaksplan for Telemark under og etter krisa.

– Me er i krise, men den skal me kome gjennom. Det er viktig å samle Telemark nå. Me står sterkare saman, seier den ferske reiselivsdirektøren.

Ho oppfordrar til å stø opp om lokal næring når krisa er over.

– Me i Visit Telemark skal gjera det me kan for å hjelpe, seier Svartdal.

Vest-Telemark-identitet

Tidlegare har Svartdal leia Oslo Street Food og jobba som driftssjef i Villa Paradiso med kjendiskokken Jan Vardøen. Ho har mykje driftserfaring, mellom anna frå Radison-systemet, Thon og restaurantkjeda Olivia.

– Å byrje i Visit Telemark kjem til å bli intensivt og innhaldsrikt. Eg har mykje å setje meg inn i og mange å bli kjent med, seier Svartdal som ikkje har budd i Telemark på 16 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nå flyttar ho heim til familiegarden i Svartdal med mann frå Vrådal og to barn.

– Identiteten min er frå Vest-Telemark. Eg kjenner eg høyrer til her og eg har eit stort nettverk i Telemark. Fylket vårt har mykje å spele på, men har ei tøff tid i vente, avsluttar Svartdal.