LANDSLAGSTRENAR: Svein Olav Utistog har i vinter gjort ein flott jobb som rekruttlandslagstrenar. Byrte-guten vil få ein viktig jobb inn mot ski-VM i Trondheim.

Svein Olav frå Byrte dyrkar fram framtidas OL- og VM-vinnarar

Svein Olav Utistog vann norgescuprenn, deltok i Ungdoms-OL, og var i fleire år ein av Noregs beste langrennsjuniorar. Det siste året har Byrte-guten «dyrka» fram løparar som har gått verdscup, og blir spådd ein lysande karriere.

39-åringen har nemleg vore ein del av rekruttlandslagets team. Den dyktige skigymnastrenaren blei henta inn i fjor då hovedtrenar Monika Kørre blei gravid.

Svein Olav som har lang fartstid som trenar ved Hovden skigymnas, fekk tilbod om å bli ein del av landslagets trenarteam. Det blei inngått ei avtale om at han jobba 50 prosent på Hovden, og hadde ein tilsvarande stillingsbrøk i skiforbundet. Det har medført mykje jobbing i logistikk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har nok blitt meir jobbing enn det stillingsdelen skulle tilseie både på Hovden og rekruttlandslaget. Men det har vore verdt det, ettersom det har vore utruleg inspirerande å jobbe med utøvarar som har ambisjonar om å prestere internasjonalt – jenter og gutar som har kome lengre i utviklinga enn det skigymnasiastane har. Sjølv om eg også føler meg privilegert som har fått lov til å vere ein del av det miljøet i mange år, seier Utistog til Vest-Telemark blad.

Har lyst til å fortsette

Utistog er ærleg på at han har lyst til å fortsette som landslagstrenar, og aller helst på heiltid. Det ønsket ser det ut som han får oppfylt. Det er nemleg ingen løyndom at skiforbundet er godt fornøgd med den jobben som vesttelen har gjort. Det er også utøvarane. Alt tyder på at Svein Olav får meir ansvar, når rekruttlandslagsløparane skal prøve å kvalifisere seg for neste års VM i Trondheim, Tour de Ski og andre store internasjonale oppgåver.

– Kva er det mest spennande med jobben som rekruttlandslagstrenar?

– Det er utan tvil at eg får jobbe med utøvarar som er så dedikerte, og samtidig få vere tett på toppidretten. Me har hatt felles samlingar med elitelandslaga, og det har ført til at me har fått jobbe saman med fleire av verdas beste utøvarar og trenarar. For mitt vedkommande har det vore god læring. Eg har også fått nyttige innspel og impulsar som forhåpentlegvis vil gjere meg til ein betre trenar, seier Svein Olav etter ein hektisk og spennande vinter.

Meir rådgivar enn trenar

Han legg ikkje skjul på at det er stor forskjell på å jobbe med utøvarar i midten og slutten av tenåra, enn dei som er i aldersspennet 21–27 år. Det handlar mykje om at han er trenar for elevane på skigymnastet, og meir rådgivar og sparringspartnar for dei som er på rekruttlandslaget. Det teamet består hovudsakleg av utøvarar som har gjort det bra i junior-VM, U 23-VM og til og med verdscup. Sjølv om Skandinavisk Cup er arenaen for fleire av dei.

Nålauget for å kome med på rekruttlandslaget er trongt. Dei siste åra er det juniorverdsmeistrar som ikkje har fått innpass på det laget. Det fortel det meste om kor vanskeleg det er å bli landslagsløpar i Norge.

Ein heilt annan stad i livet

– Eg jobbar på rekruttlandslaget med utøvarar som er eldre og er på ein annan stad i livet enn skigymnasiastane. Begge deler har som sagt sin sjarm. Men etter mange fine år som skigymnastrenar, er det kjekt å få prøve noko nytt. Fleire av dei på rekruttlandslaget har for lengst slått gjennom internasjonalt. Det er utøvarar som kjem til å vere med å prege langrennssporten framover, seier Utistog, som truleg vil bli ein del av støtteapparatet i VM.

– Det er ein ekstra motivasjon for alle som jobbar i langrennsseksjonen i Noregs Skiforbund, at det kjem eit VM i Trondheim og heimebane om eit lite år. Det gjeld også utøvarane. Me går eit spennande år i møte, seier Svein Olav som har hatt skisporten som yrke i mange år nå.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han begynte som trenar og lærar på Hovden i 2012. Før det satsa han på langløp, og oppnådde fleire bra plasseringar der. Eitt år var han også sportssjef for Tord Asle Gjerdalens lag.

Tar ofte turen til Byrte

Utistog har sterke slektsband og tilknyting til heimbygda. Han er ofte å sjå i Byrte. Først og fremst for å besøke sin 80 år gamle far, men også fordi han trivst utruleg godt i grenda og bygda der han trådde sine barne- og ungdomssko. 1984-modellen er framleis glad i å utforske naturen, og det er like artig å køyre snøscooter som det har vore.