Lokkande: Avskoren frå menneskeleg kontakt kan ein alltids ta seg ein sku... – eller skitur. Biletet er teke på Trassimotmoen i Seljord med Grøi og Skorve midt i mot.

Fridomen utandørs

D’er kvitt og fritt og blankt i dag imellom fjellom,
sola leikar alt i øvste topp på tellom.
Gull der, snart gull her, sjå glansen oppå hjellom!
Ja slik ein spelande vinterdag, han vil vi gjerne ha!

Spenne på seg skia. Kjenne eit vinddrag ta tak over nasen i det ein set den eine foten fram. Så glir den andre sakte forbi. Etter nokre meter er det klart; supert føre i dag. Mjuk snø oppå eit hardare underlag. Det drivkvite fykkelet glitrar i solskinet. Brått høyrest ein svak sus. Lyden blir sterkare og sterkare. Rislinga kjem frå ein delvis open bekk. Vatnet sildrar sakte forbi steinane med den altfor store kvite hatten på. Kring halsen har dei pynta seg med ein tynn blondekrage av is.

«Eit ord – ein stein i ei kald elv». Sitat Olav H. Hauge

Seta det eine beinet framom den andre. Høgre fot og venstre stav. Venstre fot og høgre stav. Einaste oppgåva i ei elles så kompleks verd. Taktfast. Rytmisk. Der står ei grøn gran. Ljosare på den sida sola skin på, mørkare på skuggesida. Nei, ho er ikkje åleine. Bak seg har ho ein heil skog. Ei umiskjenneleg lukt dukkar opp. Nokon har nyss vore her. Litt lenger framme er faret. Ei snorrett sporrekkje inn i skogen. Kor lenge sidan er det reven kryssa skiløypa, tru? Kor lenge sit odøren att i lufta?

Artikkelen held fram under annonsen.

Somme gonger kan det vera på sin plass å minne om alt me har å vera takksame for.

Heilt stille. Berre knirkinga frå skia. Nei, der kom ein sped låt frå ein småfugl. Hadde me vore forfattaren Ragnar Hovland så hadde me nok konkludert med at det anten var vrangstrupa eller raudspetta som kvitra så fint der inne i skogen. Men me er meir i Sturla Brørs-modus, altså i tilnærminga som folkehøgskulemannen og forfattaren frå Namdalseid (1890–1986) hadde då han skreiv songen om den spelande vinterdagen som me så gjerne vil ha. Kva slag fugl det var, overlèt me til eventuelle ornitologar som kjem forbi å avgjera.

Nok klisjéar og tøys no, synest du? Pressa har eit viktig samfunnsoppdrag. Somme gonger kan det også vera på sin plass å ta ansvar for å minne om alt me har å vera takksame for. Mellom anna den store tumleplassen me som bur i Vest-Telemark har. Om fellesskapen mellombels er teken frå oss, har me framleis fridomen til å bevege oss i nærmiljøet, i skogen og på dei store viddene. Om så skulle vera, kan me trakke låma sjølve. Med hjelp av kvarandre kjem me nok fram. Diktaren Olav H. Hauge (1908–1994) sa det slik:

Eit ord
– ein stein
i ei kald elv.
Ein stein til –
eg må ha fleire steinar
skal eg koma over.
Frå diktsamlinga «Dropar i austavind», Noregs boklag 1966.

Lat oss vera dei steinane for einannan.