Navleiar: Gerd Kari Skaalen.

«Ingen som har rett på økonomisk stønad skal miste den og alle som har behov for individuell oppfylging skal få det.»

Nav gjennomfører samtaler og møte via telefon eller video.

– NAV Vest-Telemark er her for alle innbyggjarane og arbeidsgjevarane i vår region, kommunane Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Vinje og Tokke. La oss stå saman og finne gode løysningar i ei pressa tid, seier Nav-leiar i Vest-Telemark, Gerd Kari Skaalen.

Nav-lokala er no stengt i heile Vest-Telemark.

Artikkelen held fram under annonsen.

– For å hindre smitte og sikre at våre medarbeidarar er i stand til å ivareta sine oppgåver, ynskjer me at flest mogleg nyttar andre kommunikasjonskanalar enn personleg oppmøte, seier Skaalen, som viser til nettsida til Nav for å finne svar på mange spørsmål.

Ein kan også kontakte Nav direkte gjennom «Ditt Nav» og få svar av rettleiar innan 24 timar. Eller ein kan leggje att beskjed på telefon til lokalkontoret.

– NAV Vest-Telemark ynskjer at publikum skal oppleve å bli godt ivaretatt sjølv om me fysisk ikkje lengre er like tilgjengelege. Våre rettleiarar og samarbeidspartar er i kontakt med personar dei fylgjer opp for å sikre god dialog gjennom den fyrste tida. Ingen som har rett på økonomisk stønad skal miste den og alle som har behov for individuell oppfylging skal få det, seier Skaalen.