«Me beklagar at Vinje kommune ikkje fekk beskjed då positivt prøvesvar låg føre.»

Oslo kommune stadfestar at det i samråd med helsetenesta blei godkjent at tre personar som var testa for korona fekk reise til hytte i Rauland.

Sundag var kommuneoverlegen i Vinje krass i kritikken mot Oslo kommune. Kommunen fekk aldri beskjed om at tre koronasmitta personar sat på ei hytte i Rauland.

Les også
Tre koronasmitta personar har vore på hytta i Rauland, men dei har halde seg unna folk

Dei tre kom til Rauland måndag etter å ha tatt prøver i Oslo for å sjå om dei var smitta av koronaviruset. Tysdag blei det stadfesta at prøvene var positive. Sundag tok dei kontakt med Vinje kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Synne Schou Øhrberg, bydelsoverlege i Oslo, seier dette til VTB:

– Fyrst av alt vil eg seie at me beklagar at me har kome i denne situasjonen, og det har eg formidla til Vinje kommune. På det tidspunktet me tok denne avgjerda låg det ikkje føre eit forbod mot å nytte seg av fritidseigedomane til isolering/heimekarantene.

Ho stadfestar at dei tre fekk godkjenning til å reise på hytta.

– Helsetenesta har hatt god oversikt over situasjonen og vore i dagleg kontakt med dei smitta. Me beklagar at Vinje kommune ikkje fekk beskjed då positivt prøvesvar låg føre. Me samarbeider nå tett med Vinje kommune om vidare handtering av personane dette gjeld, seier bydelsoverlegen.

Kommuneoverlege Marius Opsahl i Vinje rosa dei tre smitta for korrekt framferd i isolasjonsperioden. Mennene vil etter avtale med kommuneoverlegen bli på hytta resten av denne perioden.