Ordførar: Beate Marie Dahl Eide.

Lokale bedrifter kan få unntak frå innreiseforbodet i Seljord

Seljord kommune vedtok i dag vidareføring av det lokale karantenepåbodet og innreiseforbodet, i form av ei lokal forskrift.

Ordførar Beate Marie Dahl Eide seier beredskapsleiinga i Seljord er samde med kommuneoverlegane i at ein skal vidareføre karantenereglane og innreiseforboda for dei fire kommunane Seljord, Kviteseid, Tokke og Vinje, men at det har vore viktig å legge inn få, men klare unntak. Eide seier det i forskrifta er lagt inn unntak for lokale bedrifter.

– Leiinga av lokal næringsverksemd i kommunen kan søkje kommunen om unntak frå innreiseforbodet for eigne tilsette når dette er nødvendig for normal drift i eiga verksemd. Alle verksemder som søkjer om unntak må leggje fram ein smittevernplan for verksemda.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eide seier at ein med dette vil søke å unngå urimelege utslag for lokale bedrifter, og at ein frå kommunen si side ynskjer sterkt at dei som kan halde hjula i gang gjer det.

– Vi skal ha eit samfunn og eit næringsliv å komme tilbake til etter at denne krisa er over. Vi er i ein unntakstilstand nasjonalt og internasjonalt, og det er tøffe tider i mange bransjar. Dei nasjonale tiltaka er tøffe for mange. Hovudfokuset vårt er og må vere liv og helse, og å slå ned viruset så godt vi kan. Samtidig ynskjer vi å legge så godt til rette for dei lokale bedriftene våre som vi kan, innanfor det som er smittevernfagleg forsvarleg. Difor opnar vi for at lokale verksemder kan søkje om unntak for eigne tilsette som dei treng for å ha normal drift. Vi ynskjer framleis minst mogleg inn- og utreise av regionen, seier ordføraren.

Bakgrunn

Seljord kommune ved kommunelegen har torsdag forskriftsfesta reglane for Seljord kommune om utvida karantenepåbod for fastbuande og forbod mot innreise for personar som bur utanfor regionen. Forskrifta gjeld frå klokka 15.00 torsdag 26.03.2020 og i 7 dagar framover.

Samanlikna med reglane som har vore gyldige fram til i dag er det lagt inn nokre viktige unntak:

– Leiinga av lokal næringsverksemd i kommunen kan søkje kommunen om unntak frå innreiseforbodet for eigne tilsette når dette er nødvendig for normal drift i eiga verksemd.

– Alle verksemder som søkjer om unntak må leggje fram ein smittevernplan for verksemda.

– Medisinske naudsynte besøk til helseverksemder er ikkje omfatta av karantenereglane.

– Det er unntak for innreiseforbodet for besøk til alvorleg sjuke familiemedlemmar og deltaking i gravferd.