Odd Nordstoga på scena under Koronerulling torsdag – konsert i einsemd på Sentralen i Oslo. Dei digitale konsertane, som er eit nytt fenomen under koronapandemien, blir spelt inn utan publikum og i tråd med retningslinjer frå offentlege styresmakter for å hindre smitte av koronaviruset. Konsertane kan du sjå på Facebook og YouTube og sjåarar kan komme med økonomiske bidrag til artistane. Nordstoga valde å donere sin del til Røde Kors. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK

Odd Nordstoga spelte mutters åleine – 70.000 følgde konserten hans heimanfrå

Odd Nordstoga har spelt for eitt av dei største publikumma sine nokosinne: Nær 70.000. Ståande mutters åleine på ei scene utan eit menneske i salen.

– Det er litt moro det òg – å stå og synge ut i eit tomt rom. Det er noko magisk i det, seier den folkekjære artisten til NTB og røper at han først hadde blanda kjensler for dette med virtuelle konsertar.

– Medan alle andre grupper fekk millionar av staten, skulle musikarar setje seg ned og spele ein konsert på Facebook med eit Vipps-nummer? Det er ikkje slik ein kan redde kulturbransjen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Permittert

Så endra han meining. Først la Nordstoga ut ein video der han og Ingebjørg Bratland song «No livnar det i lundar» – med ein bodskap om håp og framtid som han syntest passa – samstemd frå kvar si stove. Det gav meirsmak. Torsdag var Odd Nordstoga dermed å oppleve i konsertserien Koronerulling , som er den profesjonaliserte utgåva av stovekonsertane – filma på utestaden Sentralen i Oslo.

Medan det var tomt i salen, følgde 68.200 publikummarar Nordstoga. Det gav ei inntekt på utrulege 500.000 kroner. Og sjølv om Odd Nordstoga har sendt permisjonsvarsel til seg sjølv etter å ha opplevd at «alt datt saman», gir han pengane frå koronerullinga vidare.

– Eg greier meg, og det var artig å samle inn ein god slump til Røde Kors. Akkurat no trur eg det er ei betre sak å støtte, seier han til NTB og påpeikar:

– Det er ikkje slike som meg som har det verst. Alle dei som jobbar for meg, teknikarar som er frilansarar, dei har det tøffare framover. Eg har mange planar, med ny plate til hausten og ein turné når samfunnet byrjar å fungere igjen. Då håper eg å sjå folk ansikt til ansikt.

Unik tid for musikklivet

Odd Nordstoga-konserten var nummer 21 i rekka av Koronerulling-arrangementer. Bak står Christer Falck og forretningspartnarar i HES, i samarbeid med kulturscena Sentralen.

– Når påsken byrjar, har vi produsert 50 konsertar, seier Falck, som dei næraste dagane kan lokke med Jaa9 og OnklP, jazzgospeltrioen Spirit In The Sky (David Wallumrød, Audun Erlien, Anders Engen), Asbjørn Ribe, Admiral P, Jacob Young og Fay Wildhagen. Neste veke kjem meir – mellom anna eit skikkeleg stornamn.

Det starta som eit ønske om ein dugnad for å hjelpe artistane, før beskjeden kom om støtteordningar. Men Falck fall raskt ned på at han ønskte ei profesjonalisert form, innspelt på ei scene i ein fleirkameraproduksjon – som artistane sjølv kan bruke, og som seinare kanskje kan gå vidare på nye plattformer.

– Det handlar om å dokumentere ei heilt unik tid i norsk musikk, den raraste tida vi har opplevd på mange år. Det hadde vore hyggeleg om desse virtuelle konsertane varte livet ut – og ikkje berre er sjarmerande og morosame her og no. For kvar er stovekonsertane om fem år? Tek ein i det heile vare på dei eller forsvinn dei berre ut i veven?

Artikkelen held fram under annonsen.

Eiga stemning

Christer Falck meiner Koronerulling-konsertane i tillegg blir eit unikt møte med kvar artist.

– Det gjer noko med alle musikarane, med alle som er der. Dei er rørte og emosjonelle. Derfor blir det heilt unike og ofte litt rare konsertar. Musikarane står der åleine, dei får ingen respons. Dei får ikkje noko gratis, dei er overlatne berre til seg sjølve og songane, noko som gjer dei sårbare – litt keitete. Nokre fniser, nokre plaprar, andre snakkar med seg sjølv. Eg elskar det fordi det blir ekte, det er som om artistane er tilbake på scratch, og det blir nerve i opptaka.

Seks dagar tok det frå ideen oppstod til Koronerulling-premiere med Jonas Alaska 18. mars. På dei 11 første konsertane følgde totalt 300.000 publikummarar med heimanfrå, noko som genererte 78.000 kroner i snitt per konsert. Erlend Ropstad fekk inn 118.000 kroner, medan Kristian Kristensen passerte 200.000 kroner.

– Alle eg snakka med, seier det er blant dei best betalte spelejobbane deira nokosinne. Men vi fokuserer ikkje så mykje på økonomien, for ein kan sjå seg blind på økonomi og tal og talet på streams. Eg har tenkt vi må køyre breitt heile vegen, det er mest rettferdig, seier Falck – som også byr på jazz, blues og klassisk.

Burde skjedd i alle byar

Men sjølv om Koronerulling-konsertane tilsynelatande har vorte ein suksess for artistane, fastslår Christer Falck at dei som arrangørar er avhengig av å få støtte snart, eller ta seg betalt.

– Hittil har vi hatt utgifter på 250.000 kroner utan å tene ei krone. Vi gjorde dette som ein dugnad først for å hjelpe artistane. Då Abid Raja gjekk ut med at kulturlivet skulle få 300 millionar kroner, trudde vi at vi skulle få ein telefon. Han kom aldri, seier Falck – som meiner det «skulle vore ti slike opplegg som Sentralen har rundt i Noreg».

– Då kunne konsertar framleis bli haldne, heller enn å utsetje og avlyse dei. Då kunne ein òg generert inntekter til utestader og teknikarar, seier han og fastslår:

– At Odd Nordstoga gir bort alt han fekk inn til Røde Kors, er i tråd med solidaritetstanken som ligg bak Koronerulling.

Artikkelen held fram under annonsen.

(©NPK)

– Det er litt magisk, seier Odd Nordstoga om å spele Koronerulling-konsert i einsemd på Sentralen i Oslo. Det drog inn ein halv million kroner, som han gir til Røde Kors. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK
– Det er litt magisk, seier Odd Nordstoga om å spele Koronerulling-konsert i einsemd på Sentralen i Oslo. Dei digitale konsertane, som er eit nytt fenomen under koronapandemien, blir spelt inn utan publikum og i tråd med retningslinjer frå offentlege styresmakter for å hindre smitte av koronaviruset. Konsertane kan du sjå på Facebook og YouTube og sjåarar kan komme med økonomiske bidrag til artistane. Nordstoga valde å donere sin del til Røde Kors. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK
Odd Nordstoga spelar inn Koronerulling-konsert i einsemd på Sentralen i Oslo – iallfall nesten: Teknikarar er på plass for å sikre profesjonell kvalitet på opptaka – men jobbar i tråd med retningslinjer frå offentlege styresmakter for å hindre smitte av koronaviruset. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK
Lydteknikar Martin Sagen vaskar mikrofonen med Antibac før Odd Nordstoga spelar inn Koronerulling-konsert i einsemd på Sentralen i Oslo. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK
– Det handlar om å dokumentere ei heilt unik tid i norsk musikk, seier Christer Falck, som står bak Koronerulling-konsertane som blir haldne i einsemd på Sentralen i Oslo, i tråd med retningslinjer frå offentlege styresmakter for å hindre smitte av koronaviruset. Konsertane kan du sjå på Facebook og YouTube og sjåarar kan komme med økonomiske bidrag til artistane. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK
Odd Nordstoga spelar Koronerulling-konsert i einsemd på Sentralen i Oslo – mens nær 70.000 følgjer han heimanfrå. Koronerulling-konsertane er eit nytt fenomen under koronapandemien, og blir spelte inn utan publikum og i tråd med retningslinjer frå offentlege styresmakter for å hindre smitte av koronaviruset. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK
Dei digitale konsertane – er eit nytt fenomen under koronapandemien – blir spelte inn utan publikum og i tråd med retningslinjer frå offentlege styresmakter for å hindre smitte av koronaviruset. Konsertane kan du sjå på Facebook og YouTube og sjåarar kan komme med økonomiske bidrag til artistane. Nordstoga valde å donere sin del til Røde Kors. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK
Alle Koronerulling-konsertane blir spelte inn i fleirkameraopptak frå Sentralen i Oslo. Her står Odd Nordstoga i einsemd på scena Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK
Odd Nordstoga og Koronerulling-bakmann Christer Falck held god avstand etter innspelinga av ein konsert i einsemd på Sentralen i Oslo. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK