Siste opningsdag: Skisenteret i Vrådal er pålagt å stenge i morgon, men må stenge i morgon. Men ein får ikkje servering utan å bruke eingongshanskar.

I Vrådal drikk dei utepilsen med eingongshanskar, men i morgon stenger skisenteret også her – og hyttefolk blir bedne om å halde seg heime

Skisenteret i Vrådal fekk fredag beskjed om at frå i morgon sundag må dei stenge. Laurdag var det stort sett danske gjester der då VTB var innom.

«Dessverre må vi meddele at Vrådal Skisenter er blitt pålagt å stenge ned sin virksomhet fra og med 15.03.2020 på grunn av kommunale vedtak basert på situasjonen rundt Covid-19. Det betyr at alle heiser, utleie, kafe og pub stenger. Avgjørelsen gjelder på ubestemt tid,» skreiv skisenteret på sine heimesider fredag. I avgjerda frå kommunelegen blei det understreka at skisenteret må fylgje dei nasjonale restriksjonane for bransjen.

Men laurdag var det god påskestemning i skisenteret – om ikkje i besøkstal, så i alle fall vêrmessig.

Artikkelen held fram under annonsen.

Restriksjonar: Ikkje meir enn 15 om gongen.

I kafeen var det restriksjonar om maks 15 personar om gongen, det var også påbod om å sprite hendene og bruke eingongshanskar. Det var stort sett danske gjester i skibakken då VTB var innom rett før stengetid.

– Når me fyrst var her, måtte me nytte høvet til å vera i skisenteret så lenge det er ope, seier ein dansk familie til VTB.

Melding til hytteinnbyggjarane

I melding frå kommuneoverlege Anne Ruth Syrtveit Mikalsen og ordførar Bjørn Nordskog blir hytteinnbyggjarane bedne om å halde seg heime.

«Kviteseid kommune ber om at hytteeigarar som har bustadadresse utanfor kommunen, IKKJE reiser til Kviteseid, men oppheld seg på sin heimstad».

Siste opningsdag: Skisenteret i Vrådal er pålagt å stenge i morgon, men var ope i dag.

I Vinje blei turistnæringa pålagt å stenge spisestader, hotell, overnattingsstader og skianlegg frå og med fredag og over påske.

Les også
Vurderer å stenge og isolere enkelte hyttefelt