Laga melodi til ny vise: Den utflytta kviteseidingen Kristian Lie på Hamar blei inspirert av musikar og kollegaen sitt fine dikt og tonesette og spela inn ei ny vise.

«Teksten trefte lærarsjela mi, og vart til ei vise»

Den utflytta kviteseidingen Kristian Lie arbeider som barneskulelærar og er musikar. Måndag laga han ei vise som tydeleggjer at me skal bry oss om kvarandre.

– Eg synest detta diktet av Frode Johnsen sa det så enkelt og fint. Eg blei inspirert til å lage ei lita vise, innleiar Kristian Lie statusen sin på Facebook måndag morgon.

Lie, som vaks opp i Kviteseid, er lærar på Storhamar barneskule og musikar. Han fortel at lærarkollega Frode Johnsen den siste tida har lagt ut små dikt for sine fylgjarar i det sosiale mediumet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Frode er ei kreativ sjel, og «Du sa hei» var eitt av dei fyrste dikta han la ut. Eg fekk lyst til å lage ei vise og fekk nokon idear. Eg knota med nokre akkordar på gitaren, og streva litt med verset, men så fann eg ut av det etter kvart, seier Lie som spela inn låten i heimen.

Måtte ringe nokon som lekse

Lie seier at diktet trefte han veldig, og noko heilt ekstra i lærarsjela hans.

– Me mistar noko ekstremt viktig i desse tider når skjermen erstattar møta me lærarar har med elevane på skulen. Det å gje barna eit handtrykk, sjå dei inn i augo og sei hei. Litt av den menneskelege kontakten blir borte i desse digitale korona-tider for oss alle, meiner han.

Lie, som er kontaktlærar for 6. klasse ved Storhamar skule, trur kanskje folk generelt har blitt litt flinkare til å bry seg om menneske kring seg etter pandemien kom til Noreg.

– Klassa mi hadde som lekse førre veke at dei skulle ringe eit familiemedlem, ein besteforelder, ei tante eller kanskje ein ven som ville setje pris på ein samtale og som kanskje trong ei oppmuntring. Elevane hadde stor glede av oppgåva. Det er ei ekstremt spesiell tid me er inne i – spesielt for barna, seier Lie.

Vondt av musikarvener

I tillegg til lærarjobben er Lie musikar, og har mellom anna oppdrag med bandet Kliss lik – som spelar låtar Kiss-låtar.

– Som musikarar kjenner også me på at konsertar blir avlyst. Me skulle mellom anna hatt ein konsert til laurdagen som sjølvsagt ikkje blir noko av nå. Men me i bandet vårt er heldige, me har betalt arbeid ved sidan av og er ikkje avhengig av inntekt frå musikken. Eg føler veldig med musikarar som nå mistar inntektene sine, heldigvis har det kome i gang mange flotte konsertar på nettet der ein har høve til å støtte musikarane, seier Lie.

Lie set pris på dei hyggeleg tilbakemeldingane som har kome etter at han publiserte videoen, og legg til slutt til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Gitaren eg spelar på i visa, den er forresten laga av gitarmakar Johnny Jamgrav i Seljord.

Du sa hei

Du sa hei

varm ble jeg.

Et åpent blikk og et smil

det var det som skulle til.

Du sa navnet mitt så fint, og da skjønte jeg så smått

at du var en av de som ville meg godt.

Skuldrene mine kunne senkes snart

og skoledagen fikk en god start.

Du sa hei

varm ble jeg.

Frode Johnsen