Næringssjef: Knut Martin Edland kan ikkje få fullrost næringslivet i Vinje nok. Foto: Geir Ufs

Næringssjefen må gje bedriftene den tunge beskjeden om at dei må stenge. Responsen frå næringslivet gjer han rørt.

Knut Martin Edland er på gråten når han skal setje ord på korleis eit næringsliv i si djupaste krise responderer.

– Eg heve ikkje ord.

– Dei får beskjed om at dei må stenge til over påske. «Då er me konkurs,» er svaret. Eg kan ikkje seie anna enn at det gjer meg vondt, og at me må prøve å finne ordningar. Neste dag kjem det e-post om at dei har bilar, hytter, utstyr og så vidare, og spør om det er noko dei kan bidra med. Det syner kor fantastisk næringsliv me har i Vinje. Nå må me jaggu jobbe for at dei får halde fram, seier Knut Martin Edland.

Les også
Turistnæringa blir pålagd stenging til over påske – og kommunen ber hytteeigarane halde seg heime

Næringssjefen veit at butikkane har bestilt varer for millionar. Dei har rusta seg til påska – den viktigaste perioden i sesongen for mange bedrifter i turistkommunen. Og så får dei over natta beskjed om at dei må stenge. Samstundes som kommunen «jagar» kundane ved å nekte turistane – i samråd med styresmaktene – å vera på hyttene.

– Nå må me fylgje opp pakkene frå regjeringa. Staten tener pengar når det går bra, då er det berre rett at ein må bruke pengar når det går dårleg, seier Edland.

Og det hastar.

– Kyrne dauar medan graset gror, biletgjer han.

Edland er også klar over at situasjonen er krevjande mentalt for dei næringsdrivande, og han prøvar så godt han kan å fylgje opp.

– Eg ber om orsaking om ikkje alle får den rette handsaminga nå, men me prøvar så godt me kan, seier Edland.

Han vil ikkje trekkje fram enkeltbedrifter: «Ingen nemnd, ingen gløymd».

– Nattesvevnen er vrien for alle. Det er tomannsbedrifter som må permittere den eine. Det er store bedrifter som må permittere eit titals tilsette. Alle er i same båt. Men med den innstillinga som er der ute, så greier me dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

Djupt imponert

Ordføraren la ut denne meldinga på Facebook:

«Næringssjefen og eg er djupt imponert over næringslivet i Vinje kommune. Vi har enorm sympati med at mykje av næringsgrunnlaget no blir slege bort, og folk ser livsverka sine gå over ende. Og det dei tek kontakt med kommunen for, er å spørje om det er noko dei kan hjelpe oss med. Vi sit bokstaveleg talt med tårar i augo. Tusen takk for måten de tek dette på!»

– Påska blei avlyst i løpet av ein kveld. Ei tid dei har førebudd i lang tid og fylt opp lagera. Det er då dei har omsetninga si. Så kjem beskjeden over natta om at dei må leggje ned. Og så er dei på tilbodssida og spør kva dei kan bidra med … seier ein mektig imponert ordførar.

– Når dette er responsen etter tre hektiske dagar, ja då kjenner eg på tårene, legg han til.