Må vente: – Pappa hadde ikkje tenkt at han skulle bli kremert, men me lever greitt med det og kan samle oss seinare, seier Eilev Erikstein. (Arkivfoto)

Må utsetje gravferda til faren

Prostidiakon Eilev Erikstein tok fredag farvel med far sin. Einar Erikstein sovna inn 96 år gamal. Gravferda blir utsett på grunn av strenge restriksjonar.

– Det blir kremasjon og nedsetting av urne i Bø på eit seinare tidspunkt, seier Erikstein til VTB.

Den trufaste kyrkjegjengaren Einar Erikstein, tidlegare sokneprest i Trøndelag, Elverum og Bø døydde fredag kveld. Han hadde vore sjuk nokon dagar. Familien var førebudde på at det gjekk mot slutten og fekk ta avskil. Dei er fire sysken. To av dei er prestar. Tor Eivind er sokneprest i Vinje.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Pappa hadde ikkje tenkt at han skulle bli kremert, men me lever greitt med det og kan samle oss seinare, seier Erikstein.

Dagen etter dødsfallet fekk familien opna kyrkja i Åfjord i Trøndelag der Einar – kyrkjas mann – hadde vore mykje. Dei var 35 personar som sat langt frå kvarandre på grunn av restriksjonar i samband med virusutbrotet.

– Ein har behov for å møtest. Me treng kvarandre, seier Erikstein.

I Bø er det i samband med koronaviruset restriksjonar på at maks 50 personar kan vera i kyrkja. Det er det same som dei nasjonale føringane.

– Det skulle me ha klart å handtere, men dei som kjem risikerer også å koma i karantene når dei kjem heim att, seier Erikstein, som tenker på kva som skjer om ein ungdom døyr – ein som 500 personar vil ta farvel med. Det uroar han.

– Min far var ein gamal mann og det var eit venta dødsfall. Det var ikkje ein ungdom som køyrde seg i hel. Folk må vera førebudde. Det blir meir av dette, og det er mange utfordringar for samfunnet knytt til gravferder, seier prostidiakonen.

Til slutt har Erikstein nokon trøystande ord til folk der ute:

– Krisa vil gå over. Ljoset er der framme. Me må ha tillit til styresmaktene og følge dei råda me får, seier han om krisa heile verdssamfunnet nå står midt oppe i.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prostidiakonen er i desse dagar framleis tilgjengeleg på telefon.

– Eg har lagt ut ei melding om at folk kan ringe. Det er noko anna enn meldingar. Me treng å høyre stemmer, seier han.

Strenge restriksjonar

VTB har tatt ein prat med kyrkjeverjene i Seljord og Tokke om reglane knytt til gravferder. Jon Svartdal i Seljord seier kommuneoverlegen har bestemt at det ikkje skal vera meir enn 15 personar i kyrkja. Då må det vera to meter mellom kvar person og ein tom benk i mellom. Det skal ikkje sitje meir enn to personar på ein benk.

Svartdal seier at kremasjon er eit alternativ. I fylgje lova må urna i jorda i løpet av eit halvt år.

Bjørnar Christensen i Tokke ynskjer å opne kulturhuset på Dalen for gravferder, men det er det kommuneoverlegen som må godkjenne. Soknekyrkjene i kommunen har dårlege høve til handvask med såpe, og det må vera tilgang til antibac i våpenhus for at seremoni kan gjennomførast med folk til stades. Det vil i denne tida ikkje vera mogleg med gravferd i Eidsborg stavkyrkje eller Skafså fjellkyrkje. Galleria i kyrkjene blir stengt for publikum.

Det vil i denne tida ikkje vera mogleg med gravferd i Eidsborg stavkyrkje.

– Kyrkjeverja, sokneprest og verneombod gjer framlegg til kommunelegen om at maksimum tal på publikum settast til 14 personar, i tillegg til prest, organist og kyrkjetenar knytt til kyrkjelege gravferdsseremoniar i Høydalsmo, Lårdal, Mo og Skafså kyrkjer, heiter det i eit skriv til kommuneoverlegen.

– Det finst moglegheiter for kremering og så ta gravferda seinare, seier kyrkjeverja til VTB.

Om kapasiteten seier Christiansen at dei har fem stader der dei kan oppbevare totalt 15 kister. Men det er eit krav om at ein må gravleggast ti vyrkedagar frå dødsfall.

Artikkelen held fram under annonsen.

Christensen er svært opptatt av at staben no held seg friske.

– Me er svært sårbare med to kyrkjetenarar og ein prest og ein organist. Dei må gjera alt dei kan for å unngå å bli smitta og unngå å hamne i karantene, seier han.