Reagerer: Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven reagerer sterkt på at folk reiser på hytta i VInje, stikk i strid med alle råd.

«Det er rein egoisme. Heile Noreg er i lockdown, så tenker desse på eigen komfort. Det er trist å sjå»

Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven reagerer sterkt på at folk reiser på hyttene sine i Vinje.

Laurdag blei det fyrste korona-tilfellet i nabokommunen Tinn påvist: Ein hytteeigar som hadde vore i utlandet og reist til hytta i Tinn. Det er nettopp dette Vinje-ordførar Kleven vil unngå.

– Det er nok med ein person for å slå ut mange tusen, seier ein oppgjeven ordførar.

Artikkelen held fram under annonsen.

I går skreiv Telemarksavisa om at det lyser i mange hytter i Rauland.

Både ordførar Kleven og rådmann Jan Myrekrok har snakka med næringslivet som melder om mange hyttefolk i butikkane.

– Det er rein egoisme. Det er berre dei sjølv som gjeld. Heile Noreg er i lockdown, så tenker desse på eigen komfort. Det er trist å sjå, seier Kleven.

Han seier nokon var på hytta før meldinga frå kommunen gjekk ut både på sms og e-post, og at det ikkje er ynskeleg å flytte desse. Men for dei som torsdag sette seg i bilen og køyrde til Vinje er det noko heilt anna.

– Sterkt kritikkverdig, seier Kleven.

Kommunen har ingen lovheimel til å «jage» dei som er her. Brøyteentreprenør har varsla at det ikkje blir brøyta og løyper blir ikkje køyrd opp. Men Kleven har dialog med politiet og minner om at bort på karantene kan gje straffeforfylging av påtalestyresmaktene.

På Facebook skriv ordføraren:

«Alle hyttefolk har fått melding av Vinje kommune om at dei ikkje skal reise på hytta no. Hyttefolk som no med fullt overlegg reiser opp på hytta og trosser dette, dei vel å ikkje vise solidaritet mot lokalbefolkninga. Ei befolkning som alltid har vore deira vertskap. Hyttefolka vel å ikkje vise solidaritet mot vertskommunen Vinje. Desse hyttefolka vel å ikkje vere med på den nasjonale dugnaden for å hindre smittespreiing mellom ulike lokalsamfunn. Det er nok at eit einaste hyttemenneske er smitta og reiser opp til Vinje med denne smitta. I tillegg til at dei vel å ignorere lokalbefolkning, vertskommune og den nasjonale dugnad dei fleste er med på, sett dei seg sjølv i fare. Det er ikkje same helseberedskap i Vinje som der dei bur, fordi Vinje har ikkje helseapparat dimensjonert for så mange menneske ved pandemiutbrot, det er langt til sjukehus og vi har 2 landambulanser. Luftambulanse har varsla at dei ikkje kjem.»

Artikkelen held fram under annonsen.

– Urimeleg

Rådmann Jan Myrekrok har bruka mykje tid på hytteinnbyggjarar som meiner det er urimeleg at dei ikkje får kome på hytta.

– Kvar gong kommunens messenger får melding så får eg varsel, så det har vore litt, seier rådmannen som får høyre at kommunen er lite gjestfrie.

– Alvoret har ikkje sige inn for alle, seier Myrekrok, og legg til at han er glad for støtte frå dei andre hyttekommunane og helsedirektoratet etter at Vinje gjekk i bresjen for å «stenge» fjellheimen.