Heimeskule: Irmelin Trøite går i 3. klasse på Vest-Telemark vgs. på Dalen. Nå er klasserommet bytta ut med heimeundervisning. Heldigvis har ho kontakt med klassekameratar via nett. På skjermen bak er Hans-Christian Erikstad frå Høydalsmo, Simen Neverdalen frå Fyresdal og Ingrid Vågslid frå Dalen.

– I tre år har me klaga på at me er lei, men nå saknar me skulen

Irmelin Trøite frå Bøgrend går i 3. klasse på Vest-Telemark vgs. på Dalen. Nå er klasserommet bytta ut med heimeundervisning, og sjølv om ho synest det fungerer overraskande bra, saknar ho fellesskapet på skulen.

Torsdag 12. mars fekk elevane på alle dei vidaregåande skulane i landet beskjed om at skulane stenger. Irmelin Trøite fortel at elevane tok meldinga med litt blanda kjensler, og sjølv fekk ho fyrst ei kjensle av panikk.

– Det kjentes litt som at nå blir det krig, og eg fekk litt panikk inni meg. Alt kjentes veldig alvorleg, og eg lura veldig på korleis det skulle gå.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heldigvis har situasjonen normalisert seg noko frå dei fekk den fyrste meldinga av lærarane på Vest-Telemark vgs. på Dalen, og ho kjenner ikkje lenger på den same panikken.

– Så lenge eg gjer det eg får beskjed om så går det bra, seier Irmelin.

Imponert av lærarane

I staden for å ta turen frå Bøgrend til Dalen kvar dag, går Irmelin nå til skrivepulten på rommet og skrur på PC-en. Elevane brukar kommunikasjonsappen Teams mykje når dei arbeider. Der kan dei lage ulike «rom», og snakke saman både via chat og video.

– Alle lærarane skriv i vekeplanen at me for eksempel skal møte opp på fellesrommet i Teams, men dei kan også gje oss oppgåver som me skal jobbe med sjølve. Det går mykje ut på at me skal ta ansvar sjølve og lærarane har ikkje alltid styr på kva me gjer, men dei stolar på at me gjer det, fortel tredjeklasseeleven.

Ho synest opplegget er mykje enklare og fungerer betre enn ho hadde trudd. Nå jobbar ho i sitt eiget tempo og stressar mindre enn før. Ho er imponert over lærarane som så raskt fekk til eit opplegg som fungerer godt.

– Eg synest lærarane har løyst det veldig bra. Dei overbelastar oss ikkje, men tilpassar det slik at me ikkje blir utslitne. Dei er alltid tilgjengelege, og har ofte individuelle samtaler med oss.

I gym har dei fått eigentrening. Då skal elevane vere i aktivitet i minst 30 minuttar to gonger i veka.

– Då må me prøve å finne noko som passar. Det kan vere å gå seg ein tur, gå på ski, vaske rommet eller ta situps. Eg er ganske heldig for eg har treningsrom i kjellaren så då får eg trena der, fortel Irmelin.

Artikkelen held fram under annonsen.

Saknar fellesskapet

Det siste semesteret på vidaregåande er vanlegvis ei travel tid, med avsluttande prøver og eksamenar, men også sosialt er det gjerne mykje på planen og det toppar seg til vanleg med russetida. Sjølv om Irmelin synest det går greitt å gå på skule heimanfrå, saknar ho skulen og fellesskapet der.

– I tre år har me klaga på at me er lei av skulen, men nå saknar me skulen, ler ho.

Særleg er det sosiale eit sakn.

– Det har berre vore litt over ei veke, og alt nå har folk lyst til å gå på skulen igjen. Fellesskapet me har der er veldig viktig. Nå er det vanleg skule, men me har ikkje kontakt med nokon. Då er det godt me har desse chattane.

Dei blir også brukt på fritida. Laurdag kveld hadde dei spelekveld frå kvar sin heim.

– Då hadde dei i klassa som hadde lyst videochat, og me spela teiknespel der me skulle gjette kva dei andre teikna. Det var veldig koseleg. Me får kjensla av å vere saman.

Fungerer bra: Irmelin Trøite synest det fungerer bra å ha heimeskule, og er imponert over lærarane. - Dei er alltid tilgjengelege, og har ofte individuelle samtaler med oss, seier ho.

– Kjipt, men helsa er mykje viktigare

Opninga av russetida er alt avlyst, det er også landstreffet i Stavanger, medan nokre arrangement kan bli utsett.

– Det er jo kjipt, men helsa er mykje viktigare. Me må berre gjere det beste ut av det. Då får me heller ta ein fest til sommaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Irmelin er tolmodig, og har kvardagar som er mindre stressande enn før.

– Tidlegare stressa eg mykje, men nå har eg ingenting å gjere. Eg er berre rastlaus, og eg har så mykje tid til å gjere ting eg aldri har gjort før. Eg strikkar og heklar, lagar karamellar, går turar, har aldri hatt så ryddig rom før og har aldri prata så mykje i telefonen.

Ho ler, og har ein positiv innstilling.

– Ein får smørje seg med tolmod og eit glis så går det bra.

Les også
– Eg klara ikkje å slappe av før eg kom heim til Nissedal