Desse får unntak frå forskrifta i Vinje

Vinje kommune vedtok i dag ny forskrift om innreiseforbod og utvida karantene. Den nye forskrifta er tilpassa den nasjonale rettleiaren.

Fredag oppheva Vinje kommune sine lokale restriksjonar for å kunne ta høgde for den nasjonale rettleiaren som blei presentert sundag. Måndag blei den nye forskrifta offentleggjort på kommunens heimeside.

«Kommuneoverlegen vurderer at smitteverntiltaket har ei medisinskfagleg grunngjeving, er naudsynt av omsyn til smittevernet og for å halde i hevd tilstrekkeleg smittevernkapasitet i kommunen og i helse- og omsorgstenesta. Tiltaket vert difor vurdert som forholdsmessig og tenleg utifrå ei heilskapsvurdering. Det er teke inn unntak i samsvar med nasjonal rettleiar for å ivaretaka at reglane er forholdsmessige. Etter kommuneoverlegen si vurdering vil den samfunnsmessige nytta ved smitteverntiltaket overstige den belastning og ulempe for dei tiltaket gjeld. Frivillig medverknad er vektlagt i vurderinga,» heiter det i vedtaket.

Artikkelen held fram under annonsen.

Karantenepåbod og innreiseforbod

Framleis må vinbyggjar som har vore utanfor Vest-Telemark, Midt-Telemark, Hjartdal, Notodden, Tinn og Bykle i karantene i 14 dagar når dei kjem heim. Det er heller ikkje høve for folk frå andre stader enn desse regionane og kommunane å kome til Vinje.

– Dette gjeld også arbeidstakarar som pendlar inn til arbeidsplassar i Vinje kommune så sant ein ikkje utfører samfunnskritiske oppgåver eller fell inn under eit av dei andre unntaka, heiter det i vedtaket.

Det er i den nye forskrifta gjort unntak barn med foreldre som bur på ulik adresse kan reise fritt mellom bustadene, tilsette i barnevernstenesta og besøk til sjuke familiemedlemmar, Det er også høve for lokale bedrifter til å «melde frå til kommunen dersom dei treng unntak frå innreiseforbodet for arbeidstakarar når dette er nødvendig for normal drift.»

Unntak

– Leiing av verksemder som er lista etter DSB sin definisjon av samfunnskritiske funksjonar vert gjeve adgang til å gjere unntak for eige nøkkelpersonell når dette er strengt nødvendig for å oppretthalde forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjonar.

– Vare- og passasjertransport. Dette omfattar òg personell som er naudsynt for å gjennomføre transporten. Dette er definert som samfunnskritisk personell, jf. DSB.

– Medisinsk nødvendig besøk til helseverksemder er ikkje omfatta av karantenereglane. Det gjeld både pasient og sjåfør.

– Besøk til alvorleg sjuke familiemedlemmar og deltaking i gravferd.

– Barn med foreldre som bur på ulik adresse kan reise fritt mellom bustadene.

– Tilsette i barnevernstenesta og bruk av barnevernstenesta.

– Leiing av lokal næringsverksemd i kommunen kan melde frå til kommunen dersom dei treng unntak frå innreiseforbodet for arbeidstakarar når dette er nødvendig for normal drift. Dei sender då melding og ein plan for smittevern til kommunen v/rådmann. Når melding er sendt kan dei legge til grunn at dei har fått dispensasjon frå forskrifta med mindre kommunen melder attende det motsette. Meldinga er i hovudsak for at kommunen skal ha eit oversyn over omfang av bruk av unntaket.

– Leiing av næringsverksemder som ligg utanfor kommunen kan søke kommunen dersom dei treng unntak frå innreiseforbodet for arbeidstakarar når dette er nødvendig for normal drift. Dei sender søknad med ein plan for smittevern til kommunen v/rådmann.

– Gjennomreise utan opphald i kommunen. Ved slik gjennomreise kan ein gjere opphald for grunnleggjande behov som inntak av mat, bruk av toalett eller fylling av drivstoff/lading av elbil.

– Viktige tiltak for å halde i gang produksjon i verksemder som vedlikehald og reparasjon.

Om bruk av hytta heiter det i vedtaket at det er forbode, og at «det einaste unntaket er «strengt nødvendig vedlikehald eller tilsyn som er nødvendig for å avverge store materielle skader». Andre dispensasjonar blir ikkje gjeve.»