Vent: Kviteseid kommune ber utflyttar vente med å besøke familien. Foto: Colourbox

«Det er ikkje tida for å reise til Kviteseid for å besøke familie og gamle foreldre som bur i kommunen, men hald heller kontakt med kvarandre på telefon.»

Kviteseid kommune ber utflyttarane ikkje kome heim for å besøke familien.

Kviteseid kommune ved kommuneoverlegen og ordføraren har bede hytteinnbyggjarane halde seg heime, og meiner det heller ikkje er tida for å reise på besøk til familie i Kviteseid. Dei melder:

«Kviteseid kommune ber om at hytteeigarar som har bustadadresse utanfor kommunen, IKKJE reiser til Kviteseid, men oppheld seg på sin heimstad. Det er heller ikkje tida for å reise til Kviteseid for å besøke familie og gamle foreldre som bur i kommunen, men heller hald kontakt med kvarandre på telefon. Heimeverande eldre som har pleiebehov blir fylgd opp av heimetenesta. Dette er i tråd med nasjonale føringar for å avgrense reising og smittespreiing.

«Helsedirektoratet ynskjer at innanlands transport skal gå mest mogleg som normalt, men me oppmodar sterkt alle til å unngå fritidsreiser.»

Grunna kapasitetsutfordringar i helsesektoren i Kviteseid som fylgje av koronaviruset, rådast spesielt personar i karantene om å ikkje på reise på hytta.»

Også i Nissedal har alle som ikkje bur i kommunen blitt bedne om halde seg unna.

– Velkommen tilbake når den vanskelege tida er over, skriv ordførar Halvor Homme i eit skriv til hytteinnbyggjarane.