Gjev råd: Kommunepsykolog Guro Anna Wyller Odden gjev råd om barn og korona.

Utfordrande tid for barn og unge – kommunepsykologen kjem med råd

Ikkje alle barn og unge har det bra nå som skule og barnehage har stengt. Kommunepsykolog Guro Anna Wyller Odden kjem med råd.

Nå skal det ligge informasjon på heimesidene til Seljord, Kviteseid, Tokke, Fyresdal og Nissedal frå kommunepsykolog Guro Anna Wyller Odden.

– Det er mange barn som synst det er stas å vera heime med foreldra, men me veit også at det er barn som er med vaksne som ikkje er trygge for dei, seier Odden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kan ringe for rettleiing

– Nå, som skular og barnehagar er stengde, veit vi at nokre barn og unge må vera meir saman med vaksne som ikkje er trygge for dei. Mistenker du at eit barn ikkje har det bra? Merker du at det ikkje er trygt i heimen din? Vaksne, barn og unge kan ringe barnevernet sin døgnopne alarmtelefon, for råd og rettleiing, Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111, skriv Odden i skrivet til kommunanes heimesider.

Både ho og barnevernet er opptekne av at alle som er redd for at barn ikkje har det bra ringer nummeret for å få råd og rettleiing for å finne ut om uroa er reell.

Påliteleg informasjon til barnet

I denne tida, der kvardagen er annleis, mykje er usikkert og dei vaksne følgjer med på koronasituasjonen, gjer tiltak og uroar seg, er det naturleg om barn blir bekymra og redde.

– Når barn er redde for korona, er det viktig at me vaksne i samtale med dei bekreftar og anerkjenner kjenslene deira. Me må vise at det både er greitt og forståeleg at dei har det slik og at me vil vite om det, og hjelpe dei, seier Odden.

Vidare er det viktig å gje påliteleg og forståeleg informasjon til barnet, tilpassa barnet sin alder. Barn får med seg mykje, både av det vaksne snakkar om, og frå fjernsyn, radio, avisframsider og sosiale medium.

– Dei kan setje saman informasjon på eigne måtar og fylle ut med fantasien, der dei ikkje har opplysningar. Barn og unge kan ha mange spørsmål, og kan trenge hjelp frå vaksne til å sortere og setje saman eit realistisk bilde av situasjonen. Alderstilpassa informasjon kan oppklare misforståingar og trygge. Spør gjerne om det er noko dei lurar på, rår kommunepsykologen.

Viktig for vaksne å finne rom

Når barn uroar seg og er redde, er det også viktig at vi vaksne skapar tryggleik og formidlar håp.

– Skulebarn har også læringsopplegg dei skal følgje heime. Foreldre må finne ei rytme i aktivisering av barna og vera bevisste kor mykje tid barna brukar på skjerm. Det er lurt å kome seg ut og variere aktiviteten med barna. Dagslys, rørsle og natur er bra for oss, seier Odden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho legg også vekt på at det er viktig for vaksne å finne rom for seg sjølv også. Til dømes å gå tur når barna har lagt seg.