NAV: Illustrasjonsfoto.

Dette må du gjera om du er permittert

Registrer deg med CV, søk om dagpengar og send meldekort.

– Du må registrere deg som arbeidssøkjar. Sjølv om du ventar å kome tilbake i same jobben, er det veldig viktig at du legg inn CV med utdanning og praksis. Det handlar om arbeidskraftberedskap. Me treng ei oversikt over kompetansen, seier Nav-leiar i Vest-Telemark, Gerd Kari Skaalen.

Sjølv om mange bransjar slit stort og må seie opp eller permittere tilsette, er det andre som har stort behov for arbeidskraft. Helsevesenet er eit døme, landbruk og transport andre døme.

Artikkelen held fram under annonsen.

– På større plassar er det også behov for butikkmedarbeidarar, seier Skaalen.

Meldekort kvar 14. dag

Når ein er registrert i systemet må ein søkje om dagpengar og leggje ved nødvendig dokumentasjon, som permitteringsvarsel.

– Sjølv om det ikkje er gjort noko vedtak er det svært viktig at du sender meldekort kvar 14. dag. Gjer du ikkje det får du ikkje etterbetalt dagpengar, seier Skaalen.

På meldekortet skal ein skrive inn timane ein har jobba.

– Det er utbetaling kvar 14. dag, derfor kan det vera lurt å ta kontakt med banken og endre til dømes forfallsdato på lån og liknande, seier ho.

Nav-leiaren kan nå ikkje seie noko om når dagpengar blir utbetalt. Alle som søkjer må rekne med ei viss saksbehandlingstid.

– Det blir arbeidd på spreng, men det er mange hundre som har søkt, seier ho.

Ber bedriftene «legge ut»

Nav oppmodar arbeidsgjevarar som permitterer tilsette og som har økonomi til det, til å forskottere lønna til dei som blir permittert frå dag 3 til dag 20 i permitteringsperioden. Dette vil sikre at dei permitterte får dei pengane dei har krav på i ein periode der saksbehandlingstida er lenger enn normalt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forskotterte beløp vil bli refundert frå Nav seinare. Dei som ikkje mottek pengar, og som ikkje har arbeidsgjevarar som forskotterer løna, må eventuelt søke om økonomisk sosialhjelp medan dei ventar, opplyser Nav.

– Me ventar ein stor auke i talet på søknader om økonomisk sosialhjelp, seier Skaalen.

Ho seier dei har kontroll på Nav Vest-Telemark. Dei tilsette sit på heimekontor, men er elles tilgjengeleg som vanleg.

– Me er her for brukarane. Om ein ynskjer å treffe oss, så ordnar me det også, seier Nav-leiaren.

Merka ikkje finanskrisa og oljefallet stort

Denne veka viste tal frå Nav att både Vinje og Kviteseid no har ein lediggang på meir enn ti prosent. Dei to turistdestinasjonane har blitt ramma hardt av restriksjonane og stengingar som fylgje av koronaviruset. I desse tala er også dei som er 100 prosent permittert med.

– Me har ikkje sett noko liknande. Vest-Telemark blei lite berørt av finanskrisa i 2008, seier Skaalen.

Regionen har mange tilsette i oljebransjen, men heller ikkje fallet i denne bransjen for nokon år sidan «beit på vesttelane».

– Folk kom seg over i andre bransjar, forklarar Skaalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho er blant dei som er uroa over dei lokale restriksjonane som er strengare enn det nasjonale styresmakter tilrår, og meiner Seljord kommune i går gjorde eit viktig vedtak i å gje unntak for lokale bedrifter.

– Eg meiner kommunane bør fylgje dei nasjonale føringane, seier Nav-leiaren.

Flyttar ressursar internt

– Me står overfor den største utfordringa me nokon gong har hatt. Pågangen er enorm. Den viktigaste jobben nå er å få behandla alle søknandene så raskt som mogleg, slik at folk får pengane sine, melder Nav-direktør i Vestfold og Telemark, Terje Tønnessen.

Nav er ikkje rigga til å ta unna så mange søknader, verken når det gjeld bemanning eller IT-system. Dei er i full beredskap og jobbar med å få på plass nødvendige tilpassingar i systema sine, og med å styrke bemanninga i dei einingane som behandlar dagpengar, sjukepengar og omsorgspengar.

– Me flyttar tilsette internt og rekrutterer nye. Me treng all hjelpa me kan få nå, for å sikre at folk får dei pengane dei har krav på, melder Tønnessen.