Tre koronasmitta personar har vore på hytta i Rauland, men dei har halde seg unna folk

Tre menn som oppheld seg i ei hytte i Rauland har meldt frå om at dei har fått påvist koronasmitte, etter å ha blitt testa i ein bydel i Oslo i starten av denne veka.

Kritisk: Kommuneoverlege Marius Opsahl i Vinje.

Mennene blei testa måndag og, i forståing med helsetenesta i Oslo, reist til hytta same dag, melder Vinje kommune i ei pressemelding.

Positivt prøvesvar låg føre tysdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vinje kommune blei kontakta av hyttefolka i ettermiddag med spørsmål om korleis dei skulle forhalde seg vidare, med tanke på pålegget frå regjeringa om at hyttefolk skal returnere til heimkommunen.

Les også
NRK: – Regjeringa innfører forbod mot å vera på hytta

Kommuneoverlege Marius Opsahl er sterkt kritisk til manglande varsling av Vinje kommune frå Oslo kommune si side.

Ordførar Jon Rikard Kleven seier til VTB at kommunen ikkje klandrar dei tre, men han stiller store spørsmål om korleis Oslo kommune kunne late vera å gje Vinje kommune beskjed om at tre smitta personar var på ei hytte i Rauland.

Dei tre mennene har ikkje hatt kontakt med andre personar busett i Vinje, men fått matvarer tilkøyrt til hytta. Dei skal ikkje ha vore i kontakt med dei som har levert mat.

Kommuneoverlege Marius Opsahl vil rose dei tre for korrekt framferd i isolasjonsperioden. Mennene vil etter avtale med kommuneoverlegen bli på hytta resten av isolasjonsperioden.