Posten: Trond Henning Hansen.

Posten i Vest-Telemark førebur seg på redusert bemanning

Det er ikkje sikkert at folk får avisa den dagen ho kjem ut.

– Det er me som står for utkøyring av medisinar, og det vil me gjere alt me kan for å få gjort, seier distribusjonsleiar for Posten i Vest–Telemark, Trond Henning Hansen.

Unntatt karantenereglar

Posten er ei av dei bedriftene som har fått unntak frå karantenereglane i tilknyting til korona-pandemien. I likskap med andre personar som strengt tatt er naudsynte for å kunne oppretthalde forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjonar og ivareta befolkninga sine grunnleggande behov, er postboda unntatt reglane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me gjer alt me kan for å oppretthalde postutleveringa, men me må rekne med at me ikkje får køyrt alle rutene kvar dag, seier avdelingsleiar for Vest-Telemark, Tor Henning Hansen.

– Til no har me ein i frivillig karantene fordi vedkommande har vore på reise, og så har me nokon i risikogruppa som me må rekne med at ikkje kan jobbe framover, fortel han.

– Me må ta det dag for dag. Folk kan risikere å få posten seint, eller ikkje i det heile enkelte dagar.

Alt måndag var det folk som var sjuke, og postboda som stod og fylte bilane fordelte seg i mellom for å få ut mest mogleg.

– Me vil uansett sjå etter løysingar. Me har nokon timetilsette, og me må sjå om det er mogleg å lære dei opp på andre ruter enn dei som dei køyrer til vanleg, seier Hansen.

Posten: – Me gjer alt me kan for å oppretthalde postutleveringa, men me må rekne med at me ikkje får køyrt alle rutene kvar dag, seier avdelingsleiar for Vest-Telemark, Tor Henning Hansen.

Reinhald

På postfordelingsterminalen på Brunkeberg har dei alt bestilt auka reinhald frå annan kvar dag til kvar dag.

– Alle kritiske punkt, som dørhandtak, toalett og så vidare blir vaska og telefonane blir vaska med anti-bac ein gong om dagen.

Telefonane blir mellom anna nytta til å registrere utlevering av pakkar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– No får ikkje folk lenger ta på telefonterminalane. Postboda registrerar sjølv at pakken er levert, slik at me minkar smitterisikoen, seier han.

Kan risikere å bli stengt

– Me får sjå kor lenge me kan halde det gåande, seier distribusjonsleiaren.

– Eg er redd at me må stenge om ein blir smitta av koronaviruset. Det same gjeld om det skjer om det kjem virus på Lørenskog, der dei sorterer posten som kjem hit.

Innstramming i karantenereglar

– Alle som har vore på reise i utlandet utenom Sverige og Finland, skal vera i heimekarantene, uavhengig av om vedkommende har symptom eller ikkje.

– Det er gjort eit unntak og det er for personar som er strengt nødvendige for å kunne oppretthalde forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjonar og ivareta befolkningas grunnleggande behov, herunder personar som gjennomfører vare- og passasjertransport. (sjåførar og postbod)

– Dette omfatter også personell som er nødvendig for å gjennomføre transporten (terminalarbeidarar, befraktarar, køyre/ordrekontor, linjeledere….)

– Bruk av unntaket skal avklarast med leiar. Personar som er omfattet av unntaket, skal så langt som mogleg unngå nærkontakt med andre personer.

– Unntaket gjeld berre dersom vedkomande er symptomfri.