Tapt barndom

Ikkje snakka saman: Kommunen har ikkje møtt eller snakka med «Siri» (t.v.) eller «Per» etter at erstatningsvedtaka vart fatta i vår.

Kommunen har ikkje møtt «Per» og «Siri» – men har hatt møte med andre familiemedlemmar

Kommunen har møtt familiemedlemmar av «Per» og «Siri», og dei fortel ting som kommunedirektøren meiner «bringar inn mykje tvil kring det som blir hevda frå motparten». Samstundes har kommunen ikkje hatt noko møte med «Per» og «Siri».

Publisert Sist oppdatert

I vår vedtok ein kommune i Vest-Telemark å ta på seg erstatningsansvar etter skadeerstatningslova fordi dei let to sysken bli buande i ein heim der dei visste det skjedde omsorgssvikt og der dei mistenkte seksuelle overgrep.

Vedtaka sette ikkje noko erstatningssum, og i fleire månadar har dei to syskena samla dokumentasjon på den skaden dei meiner dei har krav på erstatning for.

Nå er krava deira på bordet, kring sju millionar frå «Per» og kring femten millionar frå «Siri». Formannskapet fekk erstatningssakene til ny handsaming utan noko formell tilråding frå administrasjonen, men ein politikar fremma forslag om å ikkje ta erstatningsansvar likevel, og dette forslaget fekk fleirtal i formannskapet.

Dermed ser det ut til at spørsmålet om kommunen tek erstatningsansvar for syskena skal stemmast over i kommunestyret nok ein gong. Samstundes er det ikkje avklart om det å gjere om på dei tidlegare vedtaka er i tråd med forvaltingslova.

Dette er saka:

«Per» og «Siri» vaks opp i ein kommune i Vest-Telemark på 1980- og 90-talet. Dei heiter ikkje «Per» og «Siri», men VTB kallar dei dette av omsyn til familien deira. Dette omsynet og omsynet til andre som har fått erstatning for tapt barndom i same kommune gjer at heller ikkje kommunen sitt namn vert nemnd.

«Per» var åtte og «Siri» tre år då administrasjonen i kommunen fremja sak for å overta omsorga for dei to. Kommunen sat då med omfattande dokumentasjon på omsorgssvikt og hadde i tillegg grunn til å mistenke seksuelle overgrep.

Men lokalpolitikarane som sat i den lokale barnevernsnemnda sa nei til omsorgsovertaking.

Før dette var kommunen noko inne i heimen med til dømes husmorvikar, men etter at ho vann saka om omsorgsovertaking, sette mor til ungane ned foten for vidare tiltak i heimen.

«Per» og «Siri» har begge valt å sende erstatningskrav til kommunen, og sakene deira vart handsama politisk i vår. Den same kommunen har tidlegare handsama fleire andre saker om tapt barndom der innstillinga og vedtaka har vore at dei ikkje tek erstatningsansvar, men likevel utbetalar erstatning på kring 1,3 millionar til kvar.

Innstillinga frå administrasjonen i sakene til «Per» og «Siri» var at kommunen ikkje har erstatningsansvar, og at ein heller ikkje skulle utbetale noko erstatning. Vedtaket i formannskapet vart å ikkje erkjenne erstatningsansvar, men å tilby ei billigheitserstatning på 500 000 kroner til kvar av syskena.

I kommunestyret tok sakene til «Per» og «Siri» ei ny vending. Der støtta nesten alle eit framlegg om at kommunen tek erstatningsansvar for begge syskena. Vedtaket innebar ikkje konkrete pengesummar, og det skulle etter kvart vere eit møte med syskena og deira advokatar der utmåling av erstatningssummane skulle vere tema.

Nå er advokatane sine forslag til erstatningssummar på bordet. «Per» sitt krav var på kring sju millionar kroner; «Siri» sitt på kring femten millionar kroner. Desse summane var så høge at kommunen ikkje såg noko poeng i å møte syskena.

Samstundes har kommunen nyleg hatt møte med andre frå familien til «Per» og «Siri», og opplysningar frå desse møta er lagt fram for politikarane saman med det same faglege rådet som førre gong – at kommunen ikkje erkjenner erstatningsansvar.

Når saka snart kjem på kommunestyret sitt bord att er innstillinga frå formannskapet nok ein gong at kommunen ikkje skal erkjenne erstatningsansvar for syskena, noko som i så fall vil innebere at ein gjer om på kommunestyrevedtaka frå i vår. Formannskapet føreslår vidare at dersom kommunen har eit erstatningsansvar så skal domstolane bestemme kor store summar syskena skal få.

Møtte to frå familien – men ikkje dei to saka gjeld

VTB har fått delvis innsyn i saksframstillinga som politikarane nå får.

Her kjem det fram at kommunen har møtt familiemedlemmar av «Per» og «Siri» i oktober, og at det er her dei nye opplysningane kjem frå. Utsegnene frå desse familiemedlemmane «bringar inn mykje tvil kring det som blir hevda frå motparten», skriv kommunedirektøren.

Motparten er altså «Per» og «Siri». Dei har ikkje fått noko møte med kommunen:

«Med den økonomiske rekkevidda av krava, har ikkje kommunedirektøren vurdert det til at det har vore grunnlag for møte mellom partane,» skriv kommunedirektøren.

Men ifølge forvaltingslova sin paragraf 11 skal ein part som har sakleg grunn for det gjevast høve til å snakke munnleg med ein sakshandsamar som handsamar saka.

Og ifølge forvaltingslova sin paragraf 17 skal ein part dessutan få høve til å uttale seg om nye opplysningar. VTB har spurt kommunedirektøren om saksførebuinga er i tråd med paragrafane 11 og 17.

Kommunedirektøren svarar at advokaten er i retten nå, men at kommunen innbaud til dialog då dei sende over førre vedtak, og at ingen tok kontakt før skriftleg krav blei oversendt.

Kva med å få uttale seg om dei nye opplysningane?

– Det er politikarane som bruker dei orda, ikkje eg, svarar kommunedirektøren.

Kommunedirektøren er usamd i at det er nye opplysningar, men at det heller er ei nyansering av korleis tilhøva var i heimen då «Per» og «Siri» vaks opp. Kommunedirektøren opplyser elles at kommunens advokat har lagt fram ei alternativ utrekning av erstatningssummar for dei to syskena, der begge summane ligg på under to millionar kroner.

Trur erstatningsvedtaka kan føre til fleire saker

Vidare i saksframstillinga som nå er på bordet gjentek kommunedirektøren den argumentasjonen administrasjonen hadde førre gong saka vart handsama, der dei held fast ved det dei tidlegare har lagt fram for kommunestyret. Dei meiner det ikkje er dokumentert at det ligg føre eit ansvarsgrunnlag for kommunen etter skadeerstatningslova, og at det ligg føre «omfattande materiale/dokumentasjon på kommunale tiltak i familien».

Han fryktar derfor at vedtaka i vår, der kommunen tok erstatningsansvar etter skadeerstatningslova for begge syskena, er gjort «på brestande føresetnadar». Viss erstatningsvedtaka blir ståande trur kommunedirektøren det også vil kome fleire erstatningssaker i kjølvatnet, og at dette kan bli veldig dyrt for kommunen.

Saksframstillinga var utan formell tilråding, men hadde eit «primært råd» om at kommunen ikkje erkjenner erstatningsansvar:

«Derfor er det primære rådet frå fagleg side framleis at ein tek utgangspunkt i at kommunen ikkje erkjenner erstatningsansvar etter skadeerstatningsloven, og let ein rettsleg prosess konkludere om kommunal inngripen har blitt utført mangelfullt. Kommunen skal ikkje unndra seg ansvar, men heller ikkje ta eit ansvar som går ut over det som ligg til kommunens rolle,» skriv kommunedirektøren.

Det same primære rådet vart gjeve før handsaminga i vår, og då var eit fleirtal i formannskapet samde med kommunedirektøren, medan eit stort fleirtal i kommunestyret var usamde og vedtok erstatningsansvar.

Nå har formannskapet på nytt gjort eit vedtak som er på line med det primære rådet om å ikkje erkjenne erstatningsansvar:

Etter gjennomgang av eit samla faktagrunnlag inklusiv nye opplysningar, samt det rettslege grunnlaget og krav til årsakssamanheng, erkjenner ikkje kommunen erstatningsansvar.

Dersom dette vedtaket blir støtta av eit fleirtal i kommunestyret, vil det innebere ei omgjering av vedtaka frå i vår.

Meiner det er klokast at ein uhilda tredjepart ser på det

Omgjering av vedtak er også skildra i forvaltingslova. Der står det at eitt av tre kriterium må vere oppfylt for at kommunen kan gjera om på vedtak.

Kriterium for å gjere om på vedtak:

a. dersom endringa ikkje er til skade for nokon som vedtaket rettar seg mot eller direkte tilgodeser.

b. dersom underretning om vedtaket ikkje er komen fram til vedkomande og vedtaket heller ikkje er offentleg kunngjort.

c. dersom vedtaket må sjåast som ugyldig.

Kjelde: Forvaltningslova § 35, fyrste ledd

Dei to fyrste kriteria ser ikkje ut til å vere relevante, for å gjere om på vedtaka vil definitivt vere til skade for syskena, og både dei og offentlegheita har fått beskjed om vedtaka for fleire månadar sidan.

Så då står ein att med kva som er faktum i saka, altså om vedtaket frå i vår kan vere ugyldig fordi det er gjort «på brestande grunnlag». VTB har lista opp nokre punkt frå avisa si omtale av sakene – desse finn du i faktaboksen nedanfor – og har stilt følgjande spørsmål til kommunedirektøren:

– Er det noko av dette du meiner er feil, eller at det ikkje er viktig/relevant?

– Det som hadde vore klokast var at ein uhilda tredjepart såg på det, slik at ein hadde fått belyst om det er ein årsakssamanheng, svarar kommunedirektøren.

– Du meiner at det er årsakssamanhengen mellom oppveksten og skadane dei har fått dette handlar om?

– Ja, eg synest jo det.

– Meiner du då at kommunen har gjort nok og rett overfor syskena då dei var små?

– Det er det eg ønskjer å overlate til ein tredjepart å finne ut. Å avgjere det burde ikkje kommunen utsette seg sjølv for.

Sentrale punkt frå VTB sin research i sakene til «Per» og «Siri»:

Her er ei liste over punkt som VTB tidlegare har omtalt, og som VTB spør kommunedirektøren om han meiner er feil eller ikkje viktig/relevant. Opplysningane kjem frå VTB sin gjennomgang av papira til syskena og frå intervju VTB har gjennomført med personar som var involverte i handsaminga av omsorgsovertakingssaka då «Per» og «Siri» var åtte og tre år gamle.

– VTB har lese helsestasjonsuttalar om bekymring fordi «Per» er overlaten til seg sjølv og til tilfeldigheitene som liten.

– VTB har lese referat frå samtalar mellom mor og kommunen kort tid før nemndsaka, der mor ifølge referatet uttalar at ho vil skyte både seg sjølv og ungane om ho mistar omsorga.

– VTB har lese vurderinga frå barnepoliklinikken av begge syskena. Dei vart undersøkte med tanke på seksuelle overgrep, og dette vart gjort kort tid før kommunen skulle ta avgjerd i omsorgssaka. I rapporten til «Siri» var konklusjonen at det ikkje var medisinske haldepunkt som tyda på seksuelle overgrep, men at dette likevel ikkje utelukka at overgrep kunne ha skjedd. I rapporten til «Per» var det medisinske funn som var foreineleg med seksuelle overgrep. Likevel er det einaste som står i nemndbehandlinga om seksuelle overgrep er at det ikkje er funne medisinske haldepunkt, altså fyrste del av konklusjonen i rapporten til «Siri».

– Etter nemndas avslag vert ikkje overgrepsmistanken og dei medisinske funna som låg føre nemnd nokon stad.

– VTB har snakka med ein person som sat i nemnda og som ikkje kjende familien sjølv. Nemndmedlemen kan ikkje hugse at overgrep vart nemnd i det heile.

– VTB har snakka med sosialkuratoren som talte unganes sak i nemndsaka. Hen bekreftar at omsorgssvikten heldt fram etter vedtaket, men at lite blei dokumentert fordi ein gav opp. Ein såg det som håplaust å få til tiltak i heimen etter vedtaket, og vurderte at formell dokumentasjon og oppfølging av vidare omsorgssvikt ville føre til endå vanskelegare samarbeid med heimen.

– Det er, som kommunedirektøren peikar på i sitt saksgrunnlag, veldig mykje dokumentasjon på kommunale tiltak overfor denne heimen. Men det er ikkje dokumentasjon på tiltak for å beskytte og ta vare på desse barna i heimen etter vedtaket i nemnda. Ein fekk ikkje ein gong til å ha tilsyn i heimen, slik nemndvedtaket eksplisitt sa at ein måtte ha. At ein ikkje får til dette tilsynet står nemnd i fleire dokument i åra etter vedtaket.

Powered by Labrador CMS