Besøk på Husflidshuset Tokke

Me fekk besøk av Tone Storøygard og Unni B. Tjønnhaug saman med elevane på norsk-undervisning i Tokke. Dei fleste er ukrainske flyktningar og dei trengte å finne på noko utanfor undervisningsrommet. 

Thorild Byggsstøyl laga ein mal til handleveske som dei fekk prøve seg på. Det var berre ei dame som ikkje kunne fordi ho hadde dårlege fingrar, men ho fingerhekla istaden. Me stilte med symaskiner og stoff og det vart mange fine handlenett. Dette vart ein triveleg dag og dei ville gjerne komme att. 

Dei som var med var: Marwa Tahawi, Nina Neblytsia, Taras Shpytko, Ihor Markovych, Oleksandr Bybchenko, Ilona Bala, Kateryna Bybchenko, Liudmyla Litova og Tetiana Pohrebytska. 

Marta Karlsen (hjelpar)

Powered by Labrador CMS