Laurdag reiste Arvid Eidskard, mor hans og to søstrer til huset dei eig på Espebu.
Huset ligg aude til lengst sør i Nissedal, like ved fylkesgrensa til Agder.
Det var søstera hans som såg det først, at takplatene på huset var borte.
Kjellarlemmen hadde også nokon tatt, fortel Eidskard.
Og den nye vasspumpa som stod i kjellaren var stole.
Tjuvane hadde også vore inne i huset.
– Dei hadde forsynt seg med litt av kvart, fortel Eidskard. Bilde var borte frå veggane og kjøkkenreiskap som auser og sleiver hadde dei tatt med seg.
– Merkeleg, seier han
Familien har meldt saka til politiet. Dei var på staden laurdag.
Tysdag har Eidskard vore i kontakt med forsikringsselskapet.
Eidskard, som bur i Vennesla, trur ikkje det kan vere lenge sidan dei ubodne gjestene var på Espebu. Det var heldigvis tørt inne. Bygget hadde ikkje tatt skade av å stå utan tak. I helga har dei fått lagt på ein presenning.
Besteforeldra til Arvid budde her tidlegare.
– Nå er det mor som eig huset, fortel han.
Dei fire syskena brukar det som feriehus.
Dei har også tidlegare opplevd at nokon har tatt seg inn i huset.
– Derfor har me ikkje hatt gjenstandar av særleg verdi i huset, fortel Eidskard.
– Men at nokon kunne kome til å ta med seg taket. Det hadde me aldri tenkt på, seier han.