Siv Maria Gjerlid,

Meiningar

Lat blomsterfaghandelen få blomstre. Må alle selje alt?

Publisert Sist oppdatert

I bygda vår Seljord har vi ein lokal blome- og gåvebutikk og eit hagesenter. Gjennom mange år har desse butikkane vore bygde på kunnskap, kvalitet og service som vi som innbyggjarar har nytt godt av, og dagens eigarar har vidareført dette med stort engasjement og fagkunnskap. Samstundes er det stadig hardare konkurranse frå daglegvarebutikkar og kjedebutikkar som år for år fyller større og større areal med blomar og plantar. 

Eg forstår sjølvsagt at butikkar ønskjer omsetning. Men eg klarer likevel ikkje å la vere å stille spørsmålet: Må alle selje alt?

Når fleire store butikkar i ei lita bygd byggjer opp stadig større blomsteravdelingar, rammar det direkte den lokale blomsterfaghandelen – den butikken som faktisk har dette som fagområde og levebrød. Mitt inntrykk er at særleg enkelte aktørar har utvida satsinga betydeleg dei siste åra, og det får meg til å tenkje på kor tøff denne konkurransen må vere å stå i for eit lite, lokalt drive hagesenter. Litt som David mot Goliat.

For kva skjer den dagen faghandelen ikkje lenger klarer seg?

Det er nettopp fagkunnskapen som utgjer skilnaden. Eit hagesenter og ein blomsterbutikk tilbyr noko heilt anna enn eit blomsterstativ mellom brødhylla og frysedisken. Der møter vi menneske som kan gi råd om plantar, jord, sesong, stell og bruk. Menneske som kjenner produkta sine. Menneske som hjelper oss å finne riktige blomar til bryllaup, konfirmasjonar, bursdagar – og ikkje minst til gravferder.

Då er vi avhengige av at vi framleis har ein blomsterfaghandel i bygda.

Og dette handlar om meir enn berre blomar. Det handlar om kva slags tilbod vi ønskjer å ha rundt oss. Ein lokal faghandel skaper liv, aktivitet og særpreg. Han byggjer kompetanse og arbeidsplassar lokalt, og han gir også økonomiske ringverknader som faktisk betyr noko i ei lita bygd. Når eit hagesenter gjer det godt, gir det grunnlag for sesongarbeid, sommarhjelp og vidare utvikling av tilbodet. Det gir oss som innbyggjarar eit større og betre lokalt utval enn det kjedebutikkane åleine kan tilby. Det er også eit anna særskilt viktig poeng å peike på: Det betyr også meir lokal verdiskaping. I ei tid der kommunen må snu på kronene innan både oppvekst og eldreomsorg, burde vi kanskje også tenkje meir over kor viktig det er å ha lokale bedrifter som går godt. Når små fagbutikkar får vekse og utvikle seg, kan dei skape fleire arbeidsplassar, ta inn sommarhjelp og bidra med skatteinntekter som kjem heile lokalsamfunnet til gode.

Det handlar også om identitet. Om å ha butikkar med personlegdom, kunnskap og handplukka varer – ikkje berre dei same standardvarene som finst overalt.

Og kanskje viktigast av alt: Vi som kundar har makt.

For sanninga er at butikkar overlever fordi vi brukar dei. Ikkje fordi vi likar tanken på dei. Ikkje fordi vi synest det er trist om dei forsvinn. Men fordi vi faktisk vel å handle der, igjen og igjen. Eg snakkar med mange menneske, og budskapet resonnerer hos dei fleste. Eg håpar berre at mange også gjer ord til handling – fordi:

Kvar einaste blomsterbukett og sommarblomar vi kjøper, er i praksis ei stemme på kva slags handelsliv vi ønskjer i bygda vår. Vel vi den lokale faghandelen, er vi med på å sikre at vi framleis har eit levande hagesenter, fagkunnskap, personleg service og eit unikt butikktilbod i lokalsamfunnet vårt. Vel vi alltid den enklaste løysinga på veg ut av matbutikken, må vi også vere ærlege på kva konsekvensar det kan få over tid.

For den dagen faghandelen forsvinn, kjem vi til å merke kor mykje han betydde. Først då ser vi skilnaden på å ha eit levande lokalt tilbod – og å berre ha endå ein pall med blomar ved inngangen til matbutikken. For den dagen vi treng ein bårekrans til nokon vi er glade i, då er det ikkje Europris, Rema eller Meny vi ringjer.

Lat oss derfor vere litt meir bevisste. Ikkje av plikt, men av omtanke for bygda vår og det mangfaldet som gjer henne til ein god stad å bu.

Med ønskje om ein god sommar til alle.

Siv Maria Gjerlid

Powered by Labrador CMS