Erlend Kåsreff startar som dagleg leiar av Kviteseid frivilligsentral 1. juni.

Erlend (26) gler seg til å vere vikar

1. juni startar Erlend Kåsreff som dagleg leiar av Kviteseid frivilligsentral. 

Publisert

Kåsreff har alt vore innom frivilligsentralen og fleire av aktivitetane som til dømes Øpen hall eller anna som sentralen er engasjerte i, slik at han kan bli litt kjent i kommunen. 

1. juni tar han over som dagleg leiar av frivilligsentralen i eitt års vikariat då Cecilie Austjore Hosum går ut i barselpermisjon. Erlend overtek hennar administrative stilling som dagleg leiar i 50 prosent, medan Marianne Pollemans har 50 prosent stilling som prosjektkonsulent med hovudvekt på aktivitet, opplyser Austjore Hosum. 

Ho er nøgd med å ha fått på plass ein vikar som både brenn for og har hjarte for å skape aktivitet der alle kan bli inkludert. 

Kåsreff kjem opphavleg frå Hønefoss, men har budd i Bø i seks år. Her studerte han mellom anna tre år kulturleiing ved Universitetet. Kåsreff har vore engasjert i ulike organisasjonar som Natur og ungdom. Han har også vore ungdomspolitikar for SV der han mellom anna sat i helse-, omsorgs- og velferdsutvalet i Ringerike kommune. 

26-åringen fortel at han har blitt veldig glad i Telemark, og meiner det er positivt med små bygdemiljø. Han gler seg til å starte i stillinga og seier han har sansen for gode fellesskap, nærmiljø der alle kan bli inkludert, og at alle kjenner – og stiller opp for kvarandre. 

– Og når eg har vore til Kviteseid har eg gjerne køyrd litt rundt i ulike delar av kommunen. Det er jo så fint her, seier 26-åringen. 

Kåsreff vil kombinere stillinga han skal ha i Kviteseid med jobb i Seljord og som vikar på ungdomsklubben i Drangedal. 

Powered by Labrador CMS