Få kan meir om langrennstrening enn Audun. Dette seier seljordingen om den nye landslagstrenaren
Mangeårig landslagstrenar Audun Svartdal frå Seljord, gler seg over at Ånund Lid Byggland frå Høydalsmo blir landslagstrenar
– Det er stort for Vest-Telemark, seier Svartdal om trenartilsettinga for herrelandslaget i langrenn.
Få i Telemark og Noreg kan meir om langrenn og trening enn Svartdal. 66-åringen frå Nordbygdi i Seljord har mange år bak seg som trenar og landslagstrenar i skiskyting og kombinert. No gler han seg over at Ånund Lid Byggland har fått jobb på herrelandslaget. Han håpar tilsettinga også kan vera eit stimuli for ski- og idrettsmiljøet.
– Samstundes er det både artig og fortent for Ånund sjølv at han får denne moglegheita. Han har jobba hardt og fått mykje fortent ros. Eg er trygg på at høysekken kjem til å gjera ein god jobb. Han vil vekse på dette, seier Svartdal.
Audun, som fyller 67 år i år, er framleis ein etterspurd teknikktrenar og fagmann. I ungdomsåra og tidleg senioralder var han ein habil langrennsløpar. Det er heller ikkje lenge sidan vesttelemarksrekorden hans på maraton blei slått. Men det er som trenar han har sett dei sterkaste spora etter seg.
VM-gull og skiskyttarsuksess
Audun var trenar for kombinertlandslaget då Torbjørn Løkken vann VM-gull i 1987. Han var òg sentral i gjenreisinga av norsk skiskyting på 1990-talet, og særleg i perioden då Ole Einar Bjørndalen hadde si stordomstid frå 2003 til 2008. Til saman blei det ti år som landslagstrenar i skiskyting for mannen som veit mykje om presset som ventar Ånund.
– Eg trur Ånund har gode føresetnader for å takle det. Han har oppnådd gode resultat og skaffa seg solid erfaring frå trenarjobbar i Njård, Fossum og Team Elon Oslofjord. Den ballasten vil koma godt med. Det same gjeld nyfikna hans og viljen til å lære nye ting. Det er eit godt utgangspunkt, seier Svartdal.
Har alt mykje erfaring
– Kva meiner du er Ånund sine styrkar som trenar?
– Eg meiner han har mange gode eigenskapar, og summen av desse gjer han til ein god trenar. I dette yrket blir du aldri utlært. Det skjer noko heile tida. Utviklinga har vore enorm frå då eg hadde mine første trenarjobbar og fram til i dag. Den utviklinga vil halde fram, seier Svartdal.
Han meiner det er ein fordel at Ånund sjølv har konkurrert på høgt nasjonalt og internasjonalt nivå, og at han har svært gode skiferdigheiter. Fleire tidlegare trenarar har omtala Høydalsmo-løparen som ein kunstnar på ski. Gjennom mange timar med leik og akrobatikk har han utvikla den sterke teknikken.
– Det kan vera ei utfordring å få det beste ut av elleve landslagsløparar, samstundes som dei skal fungere som gruppe. Den problemstillinga møter dei fleste trenarar. Erfaring betyr mykje når ein skal handtere slike situasjonar. Eg trur Ånund kan klare det, sjølv om han no skal jobbe med dei beste i verda.
– Kva kan Ånund tilføre dei norske VM-håpa?
– Han kjem inn i ei god prestasjonsgruppe med solide rammer. Eirik Myhr Nossum representerer på mange måtar kontinuiteten. Samstundes kjem Ånund inn med nye idear og tankar. Det trur eg kan vera veldig bra for alle, seier Svartdal.
Får ekstra ansvar for sprintarane
Det ligg i korta at Ånund Lid Byggland får eit ekstra ansvar for sprintarane. Det handlar både om at han erstattar Arild Monsen, som har hatt hovudansvaret for sprintgruppa, og om sprintkompetansen hans. Det var ikkje tilfeldig at 35-åringen hevda seg så godt i sprint medan han var aktiv løpar.
– Mange har erfart at det er noko heilt anna å gå frå god løpar til god trenar. Det handlar om langt meir enn kunnskap om trening. Ånund har bevist at han òg har det som skal til for å lukkast som trenar. No får han sjansen til å hente nye impulsar i det som kanskje er det mest spennande utviklingsmiljøet i langrenn i verda, seier Svartdal.