Folk står samla på ein uteplass ved eit raudt bygg.

Inviterte til låvedans på garden. – Nesten alle dansa

Om lag 100 personar tok turen til Gravalid på Seljordshei pinseeftan. 

Publisert


Her inviterte familien med far Tarjei i spissen til låvedans. Han hadde laga både danseplatting og scene. Bandet Pors duo spela opp til dans, dyktige linedansarar frå Akkerhaugen bidrog, og Ragnar Haugstøl kveda. 

– Det skulle vera ein dansefest, og det blei det. Det kom 100 personar og eg trur nesten alle som var her dansa! Kjempeartig! Til og med dei som sa dei ikkje kunne danse, blei rivne med.

Det seier Odd Helge Gravalid etter låvedansen på garden der han budde frå han var to til han var seks år. 

Han er glad for at familien fekk vist fram plassen. Mange av dei som kom til Seljordsheii var her for fyrste gong – og fleire av dei kom langvegsfrå.

– Nokon lura nok ei lita stund på om dei hadde køyrd feil, seier Gravalid med eit smil. 

Då VTB snakka med han tysdag var oppryddinga nesten ferdig. Scena får stå, men danseplatting er alt lagt ut til sals på nettet. 

– Nå tek den litt stor plass i tunet, men på laurdag var det godt den var bygd så stor, seier han med eit smil. 

Folk sit ved bord på ei gruslagt uteplass ved eit kvitt hus i skogen.
Låvedans på Gravalid på Seljordshei.
Folk står på ei treplattform i eit grustun ved bygningar og fjell.
Låvedans på Gravalid på Seljordshei.
Folk står og sit ute mellom raude bygningar og bord på eit tun.
Låvedans på Gravalid på Seljordshei.
Mange sit rundt bord i ein hage ved ei raud løe.
Låvedans på Gravalid på Seljordshei.
Mann på gruslagt tun ved hytte med treplatting og byggjematerialar.
Tarjei Gravalid i førebuingane til låvedansen.
Powered by Labrador CMS