Halvparten får ikkje plass

Bunad er kulturarv.

Her merkar dei aukande interesse for bunad

Eit nytt studium ved USN skal gje bunadstilverkarar og draktinteresserte meir kunnskap om folkedrakt og bunadsbruk. Det var meir enn dobbelt så mange søkjarar som plassar på studiet. 

Publisert Sist oppdatert

– Det har vore stor etterspurnad etter denne kunnskapen, så me er veldig glade for å kunne tilby dette frå hausten av, seier Terje Nilsen Haugen, nestleiar ved Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk på USN.

Terje Nilsen Haugen.

Hausten 2026 startar eit deltidsstudium på 30 studiepoeng som gir ny innsikt i tradisjonane kring folkedraktbruk, og i bunaden som symbol og identitetsmerke. Utforminga av bunadsstudiet er gjort i samarbeid med Norsk Husflidlag, Studieforbundet kultur og tradisjon, Norsk institutt for bunad og folkedrakt og fagtilsette ved instituttet på campus Rauland, melder Universitetet i Søraust-Noreg. 

41 søkjarar kjempar om 20 studieplassar.

– Det er utruleg fint at me har eit universitetsmiljø som tek ansvar og tilbyr dette studiet og fører kunnskapen vidare. Det er ei smal nisje, men ein viktig del av kulturarven, seier Mette Vårdal i ei sak publisert på universitetets nettside.

Ho er historikar, bunadskjennar og er henta inn som emneansvarleg for det nye studietilbodet «Bunadsbruk og folkedrakthistorie» ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN), campus Rauland.

Studietilbodet er ope for alle som ønskjer å lære meir om bunadsbruk og folkedrakthistorie, men hovudmålgruppa er bunadstilverkarar, draktinteresserte og andre som arbeider med bunad og folkedrakt.

Studiet er ikkje praktisk retta, men legg vekt på teoretisk og historisk innsikt i eit felt mange har ei meining om.

Mange meiner mykje

I 2024 kom bunaden inn på Unesco si liste over immateriell kulturarv. Nesten 70 prosent av alle norske kvinner har minst éin bunad, og om lag 20 prosent av alle menn eig eit slikt festplagg, ifølgje Norsk institutt for bunad og folkedrakt.

Mange har ei meining om bunadsbruk og utforming av bunaden. 

– Det trengst folk som kan bidra i debatten på ein sakleg og kompetent måte. Det er som regel liten samanheng mellom kor mykje kunnskap du har, og kor streng og sint du er som bunadspoliti, seier Vårdal.

– Me vil ikkje kome med peikefingrar. Det er viktig å hugse at bunaden uansett er til for å feire positive verdiar, demokrati og fellesskap – ikkje for å sjekke om naboen har stroke skjorta si rett.

Trekkjer studentar til fjellbygda

USN sin minste campus opplever stor interesse fram mot neste studieår. Tala frå Samordna opptak viser at 112 søkjarar har års- og bachelorstudium i Rauland som førsteval. Det er ein auke på 24,4 prosent frå i fjor.

Det er særleg dei tradisjonsbaserte utdanningane som trekkjer studentar til fjellbygda.

Årsstudiet i tradisjonskunst, instrumentmaking og tre-, metall- og tekstilhandverk er det mest populære studiet. 37 søkjarar har dette som førsteval.

Også folkemusikkstudiet held fram med å vere attraktivt. 26 søkjarar har årsstudiet i folkemusikk som førsteprioritet.

Powered by Labrador CMS