Hovslagar Even brukar som regel halvannan time på ein hest som skal få nye sko på alle fire beina.

Even (21) satsar på hest som leveveg. – Det er absolutt ein marknad

Etter fleire år som aktiv ryttar valde Even Vindfjell å gå ein annan veg i hestemiljøet. No er han utdanna hovslagar, har starta eige firma – og vil byggje opp ein stabil kundekrins i distriktet.

Publisert Sist oppdatert

Hest har alltid vore ein stor del av livet til Even Vindfjell. Han er oppvaksen på gard i Nordbygdi i Seljord, og tidlegare var han aktiv ryttar innan sprang og feltritt. Etter kvart dabba interessa for konkurranseriding litt av, men det var likevel ikkje aktuelt å sleppe taket i hesteinteressa. 

Han forklarar at interessa for sjølve hovslagararbeidet vaks fram over tid. Heime var han ofte med når hovslagaren kom for å sko hestane, og det var noko med det praktiske arbeidet som fenga han.

– Eg hang alltid med og såg på. Eg var veldig interessert i det, seier han.

Even har drive med hest heile livet, både som aktiv ryttar og no som hovslagar.

Etter vidaregåande gjekk turen til Sverige, der han tok ei treårig utdanning som hovslagar. Valet var ikkje tilfeldig. Hovslagaren familien brukte, hadde sjølv gått der, og rådde han til å gjere det same.

– Og det angrar eg ikkje på, smiler han.

Å flytte til eit anna land rett etter vidaregåande kunne vore ei stor omstilling, men Even fortel at han raskt kom inn i miljøet og at han ikkje kjente på heimlengsel.

Starta eige firma

No i vår var utdanninga fullført, og Even flytta heim att til Seljord. Det var eigentleg aldri noko spørsmål om han skulle tilbake.

For om lag eitt år sidan starta han sitt eige firma. Medan han gjekk på skule i Sverige, reiste han heim kvar sjette veke for å sko hestar.

Even vart ferdigutdanna hovslagar i vår.

No ynskjer han å bygge opp firmaet sitt og få ein stabil kundekrins i Midt- og Vest-Telemark. Even fortel at det ikkje er så mange hovslagarar i distriktet, og at det er store område å dekke.

– Det er absolutt ein marknad for det, seier han.

Han fortel at han ynskjer å jobbe ei vanleg veke, og sko 3–4 hestar om dagen. Eit samarbeid med veterinærar står også på ynskjelista. 

– Og så synest eg det er mest moro å halde på med sportshestar, seier han.

Sjølv om han ikkje satsar like aktivt som ryttar lenger, er erfaringa frå hesteryggen nyttig i yrket.

Han meiner det er ein klar fordel å ha vore mykje rundt hest frå før.

– Ein lærer seg å lese dei, og ein er trygg rundt dei. Eg føler eg har ein stor fordel med å ha halde på med hest lenge.

Meir enn berre sko

Når han skal sko ein hest, er det fleire ting han må tenke over. Det handlar ikkje berre om å feste ein sko under hoven.

– Balansen i hoven er det viktigaste. Ein må sjå korleis hesten bevegar seg, og om det er avvik i beinstillinga, forklarar han.

Godt hovstell er heilt avgjerande for at hesten skal fungere som han skal.

– Har ein ikkje det, kan hesten både fungere dårlegare og få skadar.

Hesten Spring får prøve aluminiumsko for fyrste gong. Hestane blir skodd ofte for å halde hoven i så god balanse som råd.

Even fortel at han er svært glad i dyr, og synest det er særleg moro å halde på med hestane.

– Det er moro å sjå utviklinga og gjera noko betre. Til dømes å finne eit avvik på hesten og gjera nokre modifiseringar på skoen, og så ser ein at hesten funkar mykje betre enn før.  

Samtidig er det eit yrke der ein ofte står mykje aleine med vurderingane.

– Det vanskelegaste er å bli einig med seg sjølv, seier han og smiler.

Han forklarar at ein må ta mange avgjerder på eiga hand, utan å kunne rådføre seg med kollegaer der og då. I tillegg handlar det om å framstå trygg overfor kundane.

– Ein hovslagar byter sko på hestane, men det er ganske mykje meir enn det, forklarar Even.

Kva for eigenskapar bør ein hovslagar ha?

– Han bør ha kunnskap om hest, og så må ein vita kva ein held på med, smiler han. 

Ein hest tek som regel rundt halvannan time å sko, men Even reknar to timar per oppdrag.

– Ein skal pakke ut og prate litt òg, seier han.

Arbeidsdagane startar ofte heime på garden med stell av sauene, før han reiser ut til kundar. Der går dei gjennom korleis førre skoing fungerte, og om det er noko endringar, før han set i gang.

– Fyrst tek eg av skoa, ser kva som har vakse og reinskar opp. Så tilpassar eg nye sko. 

Skoa kan tilpassast både kaldt og varmt, alt etter behov. Hestane blir som regel skodde kvar sjette til åttande veke.

Esse og ambolt

I dag er det Spring, ein av familiens seks hestar, som skal få nye sko. Even forklarar kva han gjer medan han arbeider. 

– Eg klipper vekk det som har vakse denne perioden. Det er som å klippe neglar, rett og slett, og det gjer ikkje vondt i det heile tatt.

Så filar han hovane og tilpassar skoa, før han spikrar dei på plass. 

– Det er mykje greier ein må ha med seg, men eg synest det er litt moro også, å ha system i ting og vita at eg har med meg alt, seier Even.

Det er ein heil prosess, og mykje som skal tilpassast. Men Even har alt utstyret – og meir til, med seg i bilen sin. Mellom anna er både esse og ambolt med. 

– Det er ei investering ein blir glad i, smiler han.

Hesteskoa må tilpassast.

Jobben er fysisk krevjande, og Even fortel at ein blir råda til å ikkje ta på seg for mykje arbeid for å skåne kroppen. 

– Ein må byggje seg opp, så ein ikkje blir heilt knekt i starten.

Dessutan er det ein viss risiko med yrket. Hestar er store og uføreseielege, og ein veit aldri kva dei kan reagere på. Samstundes seier han at det sjeldan blir problem dersom ein kommuniserer godt med eigaren og er roleg rundt hesten.

– Men ein må alltid vere merksam, sidan ein står tett på, seier han.

For ei tid sidan blei han trakka på og knekte vesletåa. 

– Det er fort gjort. Og så er den vernetåa aldri der ho burde vere, seier han og ler.

Powered by Labrador CMS