Dag Einar bur heime og har relevant jobb – samtidig fullfører han ein mastergrad
Då bachelorgraden i elkraft var fullført freista det ikkje med meir fulltidsstudium for Dag Einar Urbø. Men han kunne godt tenke seg meir studiar. Løysinga vart industrimaster – ei avtale mellom han, universitetet og Statkraft.
– Dette er ei kjempebra ordning, synest eg. Eg trivst veldig godt.
Det fortel Dag Einar Urbø frå Åmdals Verk. For to år sidan var han i ferd med å fullføre bachelorgraden i elkraft ved Universitetet i Sørøst-Noreg (USN).
– Eg såg mørkt på to år til med fulltidsstudium, det blir så intensivt med pugging og lesing.
Men samstundes hadde han lyst på noko meir. Då dukka det opp ein moglegheit. På skulen reklamerte dei for industrimaster – eit masterprogram for dei som akkurat er ferdig med bachelorgraden sin, men ennå ikkje har byrja i jobb. Dette er ei utdanning som, ifølge USN, gjer deg rusta til å leie og innovere utviklinga av komplekse produkt, system og tenester, samstundes som du arbeider deltid i ein bedrift.
50/50 jobb og studiar
Dag Einar tok kontakt med Statkraft, ei bedrift han kjenner godt sidan han, etter å ha gått elektro på vidaregåande, hadde lærlingtida si på Tokke kraftverk frå 2018 til 2021. Han har også hatt sommarjobb her tidlegare.
Produksjonssjef i Statkraft Sør-Noreg Kai Slåkvik, hadde aldri høyrt om denne moglegheita før, men var svært positiv då Dag Einar tok kontakt.
– Dag Einar er veldig dyktig og me kjenner han godt, så det var ikkje vanskeleg å seie ja, fortel Slåkvik.
Nå arbeider Dag Einar som driftsingeniør på regionssentralen samstundes som han studerer.
Slåkvik fortel at rekruttering har blitt vanskeleg, og at det er viktig for Statkraft å vere synlege ute hos studentane. Det er fyrste gong dei har ein tilsett med denne avtala.
Industrimasterprogrammet er ei treårig avtale mellom studenten, universitetet og arbeidsplassen Statkraft. Dag Einar har 50 prosent stilling i Statkraft og studerer 15–20 studiepoeng kvart semester, ordinær progresjon er 30 poeng på eitt semester. Det siste semesteret skal han skrive masteroppgåva og er då fulltidsstudent.
Dag Einar har ikkje bestemt problemstillinga for masteroppgåva endå, men det skal vere eit tema som er relevant for verksemda han arbeider i. Problemstillinga må også bli godkjent av universitetet.
– Me får mykje igjen for dette, og me har også eit samfunnsansvar for å sørge for rekruttering, meiner Slåkvik.
Stiller sterkt
Avtala dei nå har er treårig, og verken Dag Einar eller Statkraft bind seg til noko etter at dei tre åra er over.
– Dag Einar stiller sterkt, ikkje berre til jobbar her, men til også til andre jobbar i regionen. Det er flott å ha slik kompetanse her lokalt, seier Slåkvik.
For Dag Einar betyr avtala mellom universitetet og Statkraft at han får løn under studia, at han kan bu heime på Åmdals Verk og at han i periodar det er rolegare som student kan ta ekstravakter som driftsingeniør på regionssentralen.
Den praktiske erfaringa og kunnskapen til alle kollegaene er også eit pluss, meiner Dag Einar.
– Dette gjev ei heilt anna tilnærming til faget, det går litt saktare, eg har færre fag og det er noko eg kan bruke i jobben, seier han.